Ikkje heilt med

Share

Eg har skrive blogg i mange år, men har likevel ikkje fulgt heilt med i timen, for eg har ikkje oppdaga at folk kommenterer det eg skriv direkte på bloggen. Det var Torbjørn Greipsland som gjorde meg merksam på det då vi prata saman i dag og ønskte kvarandre godt nytt år. Han hadde kommentert på noko eg skreiv, men det kom ikkje fram, det stod at det venta på godkjenning.

Eg har jo helst tenkt at kommentarane kjem på Facebook, for det eg skriv, blir jo lagt direkte ut på Facebook med ei lenke tilbake til bloggen. Men folk kan kommentere på bloggen også, og det er mange som har gjort det. Til dykk alle vil eg seie takk, eg skal prøve å fylgje betre med framover.

Høgtida er vel over no og det går mot kvardag att. For oss pensjonistar betyr det ikkje så mykje, vi skal ikkje ut på glatte vegar for å kome oss på jobb, vi skal heller ikkje ha heimekontor og må logge oss på til morgonmøte. Vi kan ta livet med ro, ta ut bilen litt ut på dagen og ta turen til butikken for å komplettere det som tek til å minke i kjøleskap, fryseboks og brødboks. Her i sør er det mildver og grøn plen, ein kan jo håpe at snøen uteblir i år, men det er nok tvilsamt.

Eg såg på tv-gudstenesta på svensk tv2 i dag også, og då prøvde eg å ta eit bilde av veggen framme i kyrkja for å syne det motivet eg skreiv om tidlegare.  Her er det: Alfa og Omega, med Kristus i midten.

Ingen bildebeskrivelse er tilgjengelig.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *