Meir mimring om starten

Share

Her kjem siste del av innlegget til Leonhard Jansen:

Valle sparebank vart tidleg involvert gjennom ein sponsoravtale som gav årleg 25 000 kr. Det vart gjort avtale med kommunen og Næringsfondet, og  i tillegg til sendarane som kosta 200 000 kr, vart det kjøpt studioutstyr til 400 000 kr. I januar var vi ein heil delegasjon nedover til kysten der vi besøkte andre nærradioar, og til slutt full omvisning på Lynor som hjelpte oss med det vi skulle ha av teknisk utstyr.

Vi fekk eit rom i tredje etasje i det gamle heradshuset, og vaktmeistar Hallvard Åkre hadde greitt vetrearbeid med å byggje studio. Ei nøtt var korleis vi skulle lydisolere, men det vart klistra eggekartongar rundt på vegger og tak, og så var det så heldig at dei akkurat heldt på å byggje om på tannlegekontoret, og den dobbeltisolerte døra til rommet der pinebenken var, vart galant donert til studiodør. Mest heilt lydtett. Lurer på om det er den som er i det nye studioet au?

Ut over våren var det øving saman med Bykle radio. Eg minnest eg var opp til Bykle fredag før påske og var med på sendinga der. Så inviterte Hallvard og gjengen til påskesending skjærtorsdag. Det var det fyrste påskeshowet til Hallvard. Og etter kvart var det jo påskesendingane som kom til å finansiere heile radioen. Han ville ikkje ha bingo, men lurte på om det kunne ordnast slik at det kosta litt ekstra når dei som ringe under opi sending kom igjennom. Heldigvis vart nå det ikkje noko av.

Førebuingsarbeidet gjekk sin gang, og 7. mai 1997 var den fyrste ordinære sendinga frå studio i Valle. Eg hadde laga eit intervju med Sigurd Lund som spela og song. Hadde redigert på minidisc. Primitivt, men det gjekk an. Seinare hadde eg Opi sending saman med Bjørg Brokka Rike. Elles var det opningstimen med Leif, Hallvard og Theis, Helgestart med Theis, Unge kostar med 5 unge jenter, Leifs Håve og Blanda drops med Hallvard og Ånund. Ånund K. hadde gamle svisker, og det programmet byrja med ei knirkande dør minnest eg.

Ut over sommaren var det litt sending, og eg minnest spesielt opplegget under Rysstadmarknaden. Då kom eg gåande inn på scenen medan eg rapporterte kva som skjedde rundt meg i mobilen, for til slutt å overlevere mobilen til sjølvaste Vestlandsfanden som då vart intervjua av Hallvard på direkten. Det begynte å verte avansert radio.

På hausten vart det litt kluss då alt sendarutstyret i Bykle skulle flyttast over til nytt samfunnshus, men 26 september var vi i gang att. Eg dreiv og førebudde meg til sending i samband med sauesjået 4.  oktober, og hadde funne fram til mykje godt sauestoff den kvelden som eg og Hallvard Tveit hadde ansvaret for. Tenkte nok det var midt i blinken, men det var ikkje akkurat den responsen eg hadde forventa. Folk tykte visst det vart litt vel mykje sauepreik.

Eg kunne nok ha halde på eit bel og mimra, det var ei gild tid. For meg så endte det i grunnen opp med at eg fekk meg både kjering og sauefjos å halde styr på det året, og det var i grunnen nok. Men som me skjønar av den påskjøninga som kom for ei tid sidan, har det vore nok av dugande medarbeidarar til å take stafettpinnen vidare.

Gratulerer endå ein gong!

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *