Meir om starten

Share

Her kjem andre del av innlegget til Leonhard Jansen om starten på Valle Radio:

Så er eg litt i tvil om korleis alt bar til. Eg trur i grunnen ikkje at det vart valt noko ny nemnd, men at det var Hallvard Kjelleberg som hausten 1996 tromma saman eit lag med Theis Salvesen, Leif Kvinlog, ein som het Kjetil Soland og jobba på teknisk, Bjørg Åkre som økonomiansvarleg, og meg på kulturkontoret. Så var au Torleiv Soltun involvert, og Jørund Georg kom også inn i biletet nokså fort. Men det var kanskje etter at Kjetil Soland hadde flytt vekk.

Det å få i gang nærradioen var truleg eitt av dei mest uformelle prosjekta eg var involvert i gjennom dei åra eg var kulturkonsulent. Vi som var med på dette vart i grunnen berre kommanderte i ulike retningar av Hallvard Kjelleberg. Som hovudregel var han alt for utolmodig til å vente på formelle vedtak i kulturstyret og kommunestyret. Når eg endeleg hadde fått kommunal godkjenning til å bruke pengar på dette, var det meste alt bestilt og langt på veg montert. Men det gjekk no greitt.

Det vart gjort avtale om å bruke same konsesjonen som Bykle. Difor var det i ganske mange år Bjarne Tveiten som vart ståande som redaktør også for Valle radio. Sendaren var også i Bykle, og av og til når det var noko som skar seg, måtte Reidar Trydal trø til og slå av og på brytarar. Sendinga frå Valle vart sendt på ISDN-linje til sendaren i Bykle, som så sendte det ut over sendarnettet.

Det vart montert master fleire stader. Mest utsatt var den på Ljom som av og til vart heilt nedisa, og utan Jørund Georg ville det ha vore mange sendingar som ikkje hadde kome på lufta. Iskalde snøskuterturar vart det fleire av.

Då sendarane på toppane vart sette opp var Hallvard frykteleg oppglødd. Han sette i gong sendaren og kommanderte meg til å køyre nedover dalen. Så hadde vi telefonkontakt og han var veldig oppglødd då det viste seg at radioen kunne høyrast langt nede i Austad sokn. Seinare fann vi jo ut at på heiane der bar det endå lenger.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *