Varm stove

Share

Stova vår var varm også med den gamle omnen, men det tok lenger tid. Det er utvikla mykje ny teknologi når det gjeld omnar sidan den omnen vi hadde vart laga. No er den historie, Lyngdal Fyringsservice tok han med seg.

Vi hadde også ein omn på loftet, den gjekk same vegen. Så tetta dei holet i skorsteinen der og i kjellaren og sette inn eit røyr i pipa. Så no er faren for brann i pipa minimal.

I denne varme stova held eg framleis på med tekstane til ny reklame i Valle Radio. Eg hadde eit mål om å klare det innan 1. mars, men eg må nok ha den dagen også med meg for å klare det, sjølv om det ikkje er så mange att no.  Som eg skreiv i går, det er lett å love, ikkje alltid like lett å gjennomføre. Stev har eg laga mykje av, men høyrespel var ein ny sjanger for meg.

Kan være et bilde av ild og innendørs

Frå arkivet

Share

Denne tysdagen vert det mykje frå Gull frå arkivet. Grunnen er kanskje at eg er med.

Tirsdag 1. mars
Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret, programinformasjon og kåseri
18.15 Over en åpen bibel med Roald Arnesen fra Norea

18.30 Musikk og sang fra arkivet, Harald Haugland og gjester
Country gospel med Bjørgulv T Berg fra 1999
og 19.15 Munnharpa med John Melhus fra 2001
19.45 Bykle og Valle kunstlag skal stille ut, Ewald Assman forteller

20.00 Møteplassen med dikteren Olav Mosdøl fra 2006 (Norea)

20.30 Postludium ved Siri Johannessen
21.00 Kyrkjebakken
Onsdagskvelden har Sondre Rua Dokken ansvar for. Han har ikkje sendt meg program, så eg kan ikkje dele det med dykk, de får vente til de finn det i avisa på tysdagen.

94300

Share

I dag runda Setesdalswiki eit nytt hundretal, 94300 stod det i teljaren på framsida då eg hadde lagra artikkelen med torsdagsavisa sine overskrifter. Det betyr at i februar har vi klart å skrive 200 artiklar, og det trur eg må vere ny rekord. Plutseleg ser det ut til at vi kan klare tusentalet i år, for no er det bare 700 att.

Geir er ein stor optimist og meiner at det skal vere råd å klare det med god margin, eg er litt meir forsiktig, men svært glad for at det veks.

Eg kan ikkje seie at eg er så produktiv for tida, men kan hende blir det litt betre når det blir meir vårleg. I dag la eg ut eit bilde av snøklokker på Facebook, og det var mange som likte det vårteiknet. Det er jo blitt lysare i veret, og snart kjem kanskje gåsungar også i denne uvanlege vinteren vi har hatt.

Kan være et bilde av blomst og innendørs

 

Svimeslått

Share

Når ein ser på tv at Russland invaderer Ukraina, blir ein noko svimeslått. Eg har vore heldig og kunna bu i eit Europa som ikkje har hatt krig i mi levetid. Det var noko kritisk då eg var i militæret, for då vardet ei krise så vi fekk ikkje permisjon. Men elles har det vore fredfullt i Europa sidan andre verdskrigen. Og slik hadde vi vona at det skulle vere også.

Men så vart det annleis, for Russland sin president meinte visst at Russland burde vere minst så stort som den gamle Sovjetunionen. Den gjekk i oppløysing, det burde den ikkje ha gjort, etter hans meining, ser det ut til.

Så no fyller krig nyhetssendingane på tv og land etter land legg sanksjonar på Russland. Det går ut over folk og handel i sør og nord, sjølv om den jamne russar ikkje kan lastast. Gigantomanien er det leiarane i Kreml som står bak. Og dei har til salt i grauten, det er meir enn folk i Russland har. Hallvard Hasseløy som vi har høyrt på Valle Radio, og som i dag vart intervjua på Distriktseninga i NRK, samlar inn pengar og klær til Ukraina, der er folk så fattige at dei sender barna på barneheim for at dei skal få mat. No får han ikkje lastebilane sine inn i Ukraina, men pengar til mat, det treng han. For no er prisane sterkt stigande, så fleire treng hjelpa han kan gje.

 

Særpreg

Share

Valle Radio er ein radiokanal med særpreg. Som lokalradio har vi halde stand lenge. Eg trur at grunnen er at sendingane våre er midt i veka og ikkje i helgene.

Men vi er også ein radiokanal med særpreg når det gjeld reklamen. Den speglar det lokale næringslivet, dei teiknar avtale om reklame i sendingane våre for eit halvår eller år om gongen. Vi har vore heldig med at dei fornyar avtalane utan at vi fornyar reklamesnuttane.

Men no har vi hatt dei gamle reklamesnuttane så lenge at styret har spurt meg om eg kunne tenke meg til å lage tekstar som kanskje kunne bli til nye reklamar.

Eit særpreg i Valle er den levande tradisjonen med å bruke stev i mange høve. Den lever mellom anna ved at nye lærer seg å kvede, og sjølv var eg på kurs hos Kirsten Bråten Berg for nokre år sidan og lærte stevtonar saman med ei gruppe andre interesserte.

Det har eg hatt god bruk for når eg no sit og prøver å lage nye reklametekstar i stevform. Jol i Setesdal har jo hatt slike tekstar i mange av annonsene sine i mange år, heilt frå dei starta, trur eg.

I tillegg lova eg å lage utkast til dialogar som kan brukast til reklame, og så sende Britta Lise Homme meg ei liste over dei eg skulle lage slikt for.

Av og til er nok motet betre enn forstanden, for det er jo ikkje så lett å finne noko å skrive som kan bli til eit stev. Eg måtte innom på heimesidene til annonsørane og lese meg opp og sjå om eg kunne finne noko å starte på. Etter kvart har eg mest kome i mål, no sit eg bare att med ein, det er Rolfs elektro. Den trur eg ikkje har vore med før heller.

Men snart vil du kanskje få høyre nye annonsar med særpreg.

Ny varme

Share

I dag fekk vi omnen vi bestilte lenge før jul. Det tok si tid, men har vi venta så lenge, kan vi vel vente litt til før vi fyrer opp i den. Det må vi, for støypen må få tid til å herdast. I skorsteinen er det no eit stålrøyr som fører røyken ut.

Dei trivelege folka frå Lyngdal Fyringssentral kom mellom åtte og halv ni i dag tidleg og før dei kom, hadde vi hatt Elektro Sør på besøk for å fikse ein kuppel på eit soverom. Eg hadde likt å få eit lysrøyr i stova også, men då sette sjefen i huset seg på bakbeina. Elektrikaren skjøna kor landet låg og allierte seg med henne, og då var løpet kjørt.

Folka frå Lyngdal var svært ryddige. Dei la ut tepper på golvet for å skåne det, så trilla dei omnen inn på ei sekketralle som var elektrisk, så dei slapp å skyve henne sjølv. Ei slik tralle hadde eg ikkje sett før. Dei hadde også med seg støvsugar og då dei var ferdige, kunne ein knapt sjå at dei hadde vore der.

Måndag kan vi begynne å bruke omnen. Har vi halde ut til no med varme frå varmepumpa, skal vi nok klare resten også.

Kan være et bilde av innendørs

500

Share

I kveldens sending i Valle Radio fekk vi vite at det er 500 påmelde til Sesilåmi. Det tradisjonsrike skirennet mellom Setesdal og Sirdal har nok funksjonærar både når det gjeld matstasjonar og anna. Men Tarald Myrum trudde at det kanskje var koronaepidemien som gjorde at så få hadde meldt seg på, for folk har jo ikkje hatt same høve til å trene som andre år. I to år har rennet vore avlyst, så no var håpet at ein kunne kome tilbake til ein normal situasjon.

Tarald Myrum fortalde også at kafeen Nordibø Landhandel slit med å få vaksne folk til å fylle arbeidsplasser på dagtid. Dei treng dagleg leiar også, men i helger og feriar er det nok av unge som vil jobbe. I tillegg til å vere ein rasteplass for folk på tur, sel kafeen også lokalmat frå Setesdal, mellom anna ost og honning.

I den raude løa i Valle sentrum held Bratt Friluftsliv til. Frode Kirkedam fortalde at dei hadde mange gjester som ville klatre og gå på toppturar. Dei tilbyr rapellering i Reiårsfossen, det er visst Nord-Europas høgaste i sitt slag. Dei har også kurs i å ferdast i fjellet, å forstå snøen og vurdere om terrenget er sikkert eller om det er rasfare. Åse Solbakk er kursleiar for dette.

For å halde oss til vinteren snakka Siri Johannessen også om situasjonen i Brokke skianlegg med Jan Vik. Han er frå Sinnes og hadde hatt jobben eit år, og både slalåmbakken og langrennsløypene skulle køyrast opp i morgon, for hittil hadde det vore for mykje vind, så spora fauk att. Men no vona dei at det vart stillare. Torvald Gautland på Hovden kunne melde om mykje folk både i varme og kalde senger, det vil seie hotell og hytter. Hans fartstid på Hovden går heilt tilbake til 1982.

Eg har fleire notatar om andre saker, men noko får eg spare til i morgon.

Bratt, bunad og vinterferie

Share

Det er vinterferie denne veka og mange er på fjellet. Etter det eg minnest, droppa gjerne kommunestyre møte i denne veka og flytta det fram eller tilbake. Men denne gongen har dei møte midt i vinterferien. Kanskje har ikkje kommunestyret i Valle sine folk små barn lenger.

Men Siri Johannessen har tysdagsprogram som vanleg. Hennar tema ser du i overskrifta til denne bloggen: Bratt, bunad og vinterferie.

Her er programmet for denne veka:

Tirsdag  22. februar
Ansvarlig og teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret, programinformasjon og kåseri
18.15 Over en åpen bibel fra Norea Mediemisjon
18.30 Musikk og folk, med m.a. Bratt Friluftsliv
19.30 Timen med Camilla Rossing fra Norsk institutt for bunad og folkedrakt: Bunad på UNESCO-listen? Vinterfereirunde med Johnny Vik, Brokke Alpin og:Torvald Gautland, Bykle og Hovden vekst.
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken
Onsdag 23. februar

Teknikar: Jørund Georg Jore
18.00 Kommunestyremøte i Valle kommune

NETTRADIO via http://www.valleradio.com

Sangar om håp

Share

Sangboken har mange sangar om håp. I dag laga eg ei liste på Setesdalswiki med alle sangane som står under Det kristne håp i den boka.

Medan eg heldt på, nynna eg sangane for meg sjølv, Reidun las dei for meg, så eg skulle sleppe å sitte og bla heile tida. Eg kunne dei fleste melodiane, men ikkje alle tekstane.

Det er rart kva sangen gjer for minnet. Når noko har fått melodi, kan det sitte som spikra, men utan melodi, forsvinn det lenger bak i hjernen. Eg lurer på om det er forska på det også, eg høyrde litt av eit program i Ekko der folk snakka om hjernen sin evne til å hugse. Men ettersom eg høyrde med eit halvt øyre då eg skulle ha meg ein formiddagslur, hugsar eg ikkje så mykje. Eg må kanskje nytte meg av tilbodet dei har om å høyre det som podcast. Den kan ein jo laste ned når ein vil.

Når eg no har skrive inn lista over sangar, står det att å skrive om sangen, diktaren, omsetjaren og komponisten. Men det vil nok ta si tid, tenkjer eg. Så her må ein nok bare smørje seg med tolmod. Ta ein kikk på lista, du og:

Det kristne håp i Sangboken

 

 

Nyfallen snø

Share

Å, gjør min sjel hvit som nyfallen snø.

I dag kunne ein tenke slik når ein såg ut av vinduet i det sola rann på Eskeland. Eg skulle ha teke eit bilde av snøen som hang i greinene og sola som lyste opp Øygardsfjellet på andre sida av vegen, men eg kom ikkje på det før etter at sola var komen heilt opp, og då var det ikkje same kontrasten i bildet, så eg droppa det. Dermed har eg ikkje nokon illustrasjon til bloggen i kveld.

Sangen er skriven av E. E. Hewitt i 1892 og fekk melodi same året av William Kirkpatrick. Han vart omsett til norsk av frelsesoffiseren Henry Albert Tandberg og publisert i Krigsropet i 1916.

Å, gjør min sjel hvit som nyfallen sne
La blodet fjerne all synd du kan se
Frels meg fra selviskhet, hovmod og tvil
Ren i ditt blod la meg vinne ditt smil
Å, gjør min sjel hvit ja som sne
Frelser, hør min bønn la ditt verk i meg skje
Du som for meg var på Golgatas tre
Ofret ditt blod, gjør sjel hvit som sne
O, gjør min sjel hvit som nyfallen sne
Lær meg å be at din vilje må skje
Hvile meg gi i fortrøstning til deg
Så går jeg glad hvor du enn sender meg
Å, gjør min sjel hvit, ja hvit så som sne
Frelser, hør min bønn la ditt verk i meg skje
Du som for meg var på Golgatas tre
Ofret ditt blod, gjør sjel hvit som sne