Too good to go

Share

I dag tenkte eg at eg skulle bytte skritt-teljar og få ein som synte kor mange skritt eg gjekk kvar dag. I staden kom eg inn på mange appar hos Google og stoppa på Too good to go. Eg trudde den var bare i Kristiansand rundt her, men den er komen til Mandal også. Då kan eg bestille ein pose til over hundre kroner og få brødvarer og anna frå kolonialen for halvparten eller mindre.

Problemet er bare at eg må hente i butikken mellom klokka 19.30 og 20.00, og då sit eg gjerne klistra til Dagsrevy og Distriktsnytt. Så det er ikkje sikkert eg kjem til å bruke den så mykje, i alle fall ikkje før det blir lysare i veret.

No er vi også blitt bare to ved bordet, Helge reiste tilbake til Oslo i går og treng ikkje vere koronaflyktning lenger. Så dermed går det også mindre mat. Nokon ler kanskje litt av meg, men eg synest ikkje ein skal le av at eg vil gjere noko for å redusere matsvinn, for vi kastar mykje. Mange luktar ikkje ein gong på mat som er gått ut på dato, då kan ein jo lure på kvifor ein har luktesans. Det kan jo ikkje bare vere for å lukte på roser.