Særpreg

Share

Valle Radio er ein radiokanal med særpreg. Som lokalradio har vi halde stand lenge. Eg trur at grunnen er at sendingane våre er midt i veka og ikkje i helgene.

Men vi er også ein radiokanal med særpreg når det gjeld reklamen. Den speglar det lokale næringslivet, dei teiknar avtale om reklame i sendingane våre for eit halvår eller år om gongen. Vi har vore heldig med at dei fornyar avtalane utan at vi fornyar reklamesnuttane.

Men no har vi hatt dei gamle reklamesnuttane så lenge at styret har spurt meg om eg kunne tenke meg til å lage tekstar som kanskje kunne bli til nye reklamar.

Eit særpreg i Valle er den levande tradisjonen med å bruke stev i mange høve. Den lever mellom anna ved at nye lærer seg å kvede, og sjølv var eg på kurs hos Kirsten Bråten Berg for nokre år sidan og lærte stevtonar saman med ei gruppe andre interesserte.

Det har eg hatt god bruk for når eg no sit og prøver å lage nye reklametekstar i stevform. Jol i Setesdal har jo hatt slike tekstar i mange av annonsene sine i mange år, heilt frå dei starta, trur eg.

I tillegg lova eg å lage utkast til dialogar som kan brukast til reklame, og så sende Britta Lise Homme meg ei liste over dei eg skulle lage slikt for.

Av og til er nok motet betre enn forstanden, for det er jo ikkje så lett å finne noko å skrive som kan bli til eit stev. Eg måtte innom på heimesidene til annonsørane og lese meg opp og sjå om eg kunne finne noko å starte på. Etter kvart har eg mest kome i mål, no sit eg bare att med ein, det er Rolfs elektro. Den trur eg ikkje har vore med før heller.

Men snart vil du kanskje få høyre nye annonsar med særpreg.