500

Share

I kveldens sending i Valle Radio fekk vi vite at det er 500 påmelde til Sesilåmi. Det tradisjonsrike skirennet mellom Setesdal og Sirdal har nok funksjonærar både når det gjeld matstasjonar og anna. Men Tarald Myrum trudde at det kanskje var koronaepidemien som gjorde at så få hadde meldt seg på, for folk har jo ikkje hatt same høve til å trene som andre år. I to år har rennet vore avlyst, så no var håpet at ein kunne kome tilbake til ein normal situasjon.

Tarald Myrum fortalde også at kafeen Nordibø Landhandel slit med å få vaksne folk til å fylle arbeidsplasser på dagtid. Dei treng dagleg leiar også, men i helger og feriar er det nok av unge som vil jobbe. I tillegg til å vere ein rasteplass for folk på tur, sel kafeen også lokalmat frå Setesdal, mellom anna ost og honning.

I den raude løa i Valle sentrum held Bratt Friluftsliv til. Frode Kirkedam fortalde at dei hadde mange gjester som ville klatre og gå på toppturar. Dei tilbyr rapellering i Reiårsfossen, det er visst Nord-Europas høgaste i sitt slag. Dei har også kurs i å ferdast i fjellet, å forstå snøen og vurdere om terrenget er sikkert eller om det er rasfare. Åse Solbakk er kursleiar for dette.

For å halde oss til vinteren snakka Siri Johannessen også om situasjonen i Brokke skianlegg med Jan Vik. Han er frå Sinnes og hadde hatt jobben eit år, og både slalåmbakken og langrennsløypene skulle køyrast opp i morgon, for hittil hadde det vore for mykje vind, så spora fauk att. Men no vona dei at det vart stillare. Torvald Gautland på Hovden kunne melde om mykje folk både i varme og kalde senger, det vil seie hotell og hytter. Hans fartstid på Hovden går heilt tilbake til 1982.

Eg har fleire notatar om andre saker, men noko får eg spare til i morgon.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.