Eldrebølge

Share

Bygdene merkar godt eldrebølga. Unge folk tek utdanning og får seg jobb i urbane strøk, då sit bygdene tilbake med minkande folketal og eldre folk. Dermed må rådmannen og hans stab planlegge for eldrebølgja med å lage planar for utbygging av heimebasert omsorg og eldrebustader nær sjukeheimen. I Valle er det administrativ leiar for pleie og omsorg, Solveig Kyrvestad som har dette ansvaret, fortalde vikarierande rådmann Eivind Berg i Valle Radio i kveld. Han skal vikarierer til ny rådmann er på plass, truleg 1. mai.

Eit anna tema han var oppteken av, var Revisjon av konsesjonsvillkår for Otra Kraft. Der skal Olje- og energidirektoratet ha svar på høyring, og kommunen må levere slikt svar. Ein har teke opp situasjonen for bleka, at vatnet som kjem gjennom turbinane er for kaldt og har for mykje luft. Det første er problem for dei som badar om sommaren, det andre er problem for bleka heile året. Krypsiv i tereskelbassenga og flaumen i Faråne er andre hendingar som er verd å merke seg som problem.

Saker frå Aktuell time skal vi kome tilbake til i morgon.

I Opi sending var det Jorunn og Kåre som hadde ansvar, og dei fekk nok telefonar til at det vart ei fin stund. Gyro Kopperud, Lasse Strai og eg deltok med løysingar på rebusar, spørsmål og generell prat. Vi fekk vel alle premiar også. Lasse hadde vore på hytta på heia ovanfor Besteland og hadde kome til Kristiansand i kveld. På hyttetaket var det ein meter snø. Men turen mellom byen og Valle går som ein leik no med den nye vegen, så det er greitt for ein pensjonist å kjøre opp ein tur i veka. Då har ein heia for seg sjølv, utan andre lydar enn dei naturen lagar.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.