Fuglane veit

Share

Det er sanneleg ikkje så lett å vite korleis ein kveld i Valle Radio kan bli. I kveld hadde eg heldigvis Siri Johannessen til å hjelpe meg som teknikar. Eg hadde etter kvart fått til eit program, trudde eg. Rammene ligg der, først er det andakt, så er det kommunen informerer, Haralds time og Opi sending.

Vi har jo hatt eit fokus på å hente fram program frå arkivet, 20 år tilbake i tid. I kveld måtte vi også hente andakten frå arkivet, for Torfinn Brokke hadde problem med å stille i kveld, så då fekk Bjørgulv T. Berg ordet i staden.

Så var det kommunen informerer, der kunne vi ikkje godt ha noko frå arkivet, der burde det jo vere ferskvare. Men skulefagleg ansvarleg Else var sjukemeld og Malla hadde sagt at ho skulle ordne radioen for henne. Problemet var bare å få tak i Malla. Det gjekk ikkje. Men Siri tenkte lenger enn meg og meinte vi kunne jo prøve ordførarane. Jon Rolf var oppteken i telefonen då eg ringde, så då prøvde eg byglandsordføraren, men han var midt mellom to møte, så det gjekk heller ikkje. Heldigvis var Svein Arne Haugen i Evje og Hornnes ledig, og han er leiar i Regionrådet, så då kunne vi snakke med han om satsinga deira på reiseliv, kompetanseheving og infrastruktur. Og sanneleg vart det plass til litt aktuelt frå hans eigen kommune også.

I Haralds time hadde eg lagt opp til eit innslag frå arkivet. Men først hadde eg ein prat med Svein Inge Marcussen i fugleforeninga. Han bur i Tvedestrand, så vi fekk ein flott prat om faul, som han sa. Han hadde vore interessert i det sidan han var seks å og fekk Fuglene i farger-boka og hadde loggført å ha sett 350 fuglar. Ein gong kjørte han heilt til Nordkyn-halvøya for å sjå ein sibirfugl som hadde blitt ført med vinden dit. Før var det jo eit stort ornitologisk miljø i Setesdal, så han hadde vore mange gonger oppover i dalen, mellom anna hos Jorunn Lund Tveit og Olav J. Tveit på Rysstad.

Så kom Opi sending, og der vart det Jorunn Lund Harstad og Kristin Sagneskar som måtte ta kvelden, for Ørnulf, som var sett opp i programmet, hadde visst fått anna å gjere. Men dei tok kvelden på strak arm med mykje humor og fleire innringarar som hadde mangt og mykje å fortelje. Så totalen var både underhaldande og informativ i kveld, sjølv om ikkje alt gjekk som planlagt.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.