Mediesirkus

Share

Så har vi fått ny sentralbanksjef. I statsråd i dag vart Jens Stoltenberg utnemnd for ein periode på åtte år, og når dei er gått, er han 70 og kan for lengst gjere som han vil, i alle fall om han fylgjer rådet frå Wenche Myhre sin sang Når jeg blir seks og seksti.

For deg og meg har denne utnemninga neppe noko å seie, for pengepolitikken er nokså stabil her i landet. Men det vart mediesirkus av det og i dag måtte han svare på mange spørsmål på ein pressekonferanse.

Kan hende var det meir sirkus i Beijing der OL opna og land etter land kom marsjerande inn. Etter det eg høyrde er Norge det landet som har teke flest medaljar i Vinter-OL, og folk håper nok på fleire. Men det er eit problem med tidsforskjellen, for konkurransane går på det som er natt for oss i Norge. Ettersom vi er godt vande med å sjå konkurransar i sann tid, er det ikkje sikkert vi sit klistra til skjermane for å sjå repriser som blir sende på dagtid når vi alt har lese resultata på ulike plattformer.

Så får vi håpe at ikkje koronaen slår ut mange deltakarar så dei ikkje får bli med på konkurransane i det heile. På med munnbinda, kanskje endåtil heime i stova, for kven veit, kanskje kjem viruset seg gjennom TV-skjermen om vi sit for nært.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.