Meir frå arkivet

Share

Siri nyttar stoff frå arkivet i radioen no, og det syner at vi har hatt mykje stoff som framleis er aktuelt i radioen. I kveld var det Bjørgulv Straume som snakka om munnharpa og spelte Håvard Heddis minne, ein slått han sjølv hadde laga. Eg vart utfordra om å finne noko til Sanghalvtimen, og då fann eg eit stykke av Albrechtsberger der munnharpa var brukt til orkester. Eg visste at vi hadde hatt det med før, og sanneleg var det med i opptaket frå gamle dagar også, Bjørgulv fortalde at han hadde fått ei plate av Niklos K. Besteland med dette stykket på. Sjølv hadde han spelt i samspel med munnharpe og fele, harpeleik og eit anna instrument eg ikkje hugsar heilt no. Men elles var det jo mest solistisk for hans del. Ettersom det stykket eg hadde funne alt var spelt, fann Siri ein seinare sats av same komponist i staden, så slapp vi å høyre det same to gonger.

Postludium var også frå arkivet, det var Pieter Leebeek som hadde funne musikk, og då orgelmusikken kom i øyretelefonane mine, lente eg meg tilbake og kunne nyte musikken.

I den aktuelle timen var det ein samtale om Arkivet i Kristiansand der også mange setesdølar var innom under 2. verdskrigen. Ho som skulle vore med i programmet hadde blitt sjuk, så ein annan måtte steppe inn på kort varsel. Det gjorde han svært godt, og Arkivet vil gjerne ha meir informasjon om folk som alt er på nettstaden fanger.no

Afghanistan er i fokus no om dagen, og frå Norea hadde Siri fått eit innslag om situasjonen for kristne i det landet, det er bare ca. 7000 kristne der, og Taliban leitar etter kristne, så mange lever i frykt og prøver å kome ut av landet. Vi må be for Afghanistan, vart det sagt.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.