Ny varme

Share

I dag fekk vi omnen vi bestilte lenge før jul. Det tok si tid, men har vi venta så lenge, kan vi vel vente litt til før vi fyrer opp i den. Det må vi, for støypen må få tid til å herdast. I skorsteinen er det no eit stålrøyr som fører røyken ut.

Dei trivelege folka frå Lyngdal Fyringssentral kom mellom åtte og halv ni i dag tidleg og før dei kom, hadde vi hatt Elektro Sør på besøk for å fikse ein kuppel på eit soverom. Eg hadde likt å få eit lysrøyr i stova også, men då sette sjefen i huset seg på bakbeina. Elektrikaren skjøna kor landet låg og allierte seg med henne, og då var løpet kjørt.

Folka frå Lyngdal var svært ryddige. Dei la ut tepper på golvet for å skåne det, så trilla dei omnen inn på ei sekketralle som var elektrisk, så dei slapp å skyve henne sjølv. Ei slik tralle hadde eg ikkje sett før. Dei hadde også med seg støvsugar og då dei var ferdige, kunne ein knapt sjå at dei hadde vore der.

Måndag kan vi begynne å bruke omnen. Har vi halde ut til no med varme frå varmepumpa, skal vi nok klare resten også.

Kan være et bilde av innendørs

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.