Samarbeid

Share

-Samarbeid om veg gav eit løft til heile dalen, sa komande kommunedirektør Vidar Homme i Valle Radio i går kveld. Han vart intervjua av Ørnulf Hasla på matromet hos Hasla i Valle sentrum måndagskvelden.

I programmet siterte Ørnulf frå Setesdalswiki sin artikkel om Vidar Homme: Etter artium på Hornnes gymnas studerte han på NTH frå 1991 til 1996 og vart sivilingeniør i industriell økonomi. Deretter fekk han jobb i Kristiansand Elektrisitetsverk som marknadsanalytikar og porteføljeforvaltar innan krafthandel, ei stilling han hadde til 2000, då han vart rådmann i Valle kommune. Han var rådmann til 2006.

Eg ser jo at artikkelen må oppdaterast, det er jo eit problem at ettersom tida går, så er det trong for å oppdatere artiklar. Eg fekk nok ikkje med meg alt han hadde halde på med frå han reiste til han no kjem tilbake, men han fortalde litt frå tida som næringssjef i Vennesla at det var flott at kommunen hadde klar næringstomt på Støleheia då batterifabrikken ville etablere seg i regionen. Då Hunsfos papirfabrik la inn årene, var det 180 tilsette, men i bygningane som i dag kallast Hunsfos industripark jobbar det no 700 personar, så det er mogleg å få til noko nytt sjølv om det er trist når ein gammal fabrikk må gje seg.

Næringsutvikling er viktig for ein kommune, for utan arbeid vil ikkje folk bu i kommunen. Difor trengst det tomter for både bustad og næring, og då må ein samarbeide om å få det til slik at unge kan etablere seg med eigne arbeidsplassar om dei ikkje får jobb hos andre.

Valle kommune samarbeider med Valle bygdekvinnelag og Valle IL om bruken av det gamle internatbygget. Sissel Åkre fortalde litt om det. Før hadde dei vevstoge i Tosong, no har dei flytta all verksemda si til internatbygget og fått gode rom der, både vevstoge, møterom og kontor. 1. mars skal laget, som vart starta i 1947 og altså er 75 år i år, markere opning av den nye verestaden med ope hus for alle og syne kor fint det er blitt etter svært mange dugnadstimar, noko som høver godt i Frivillighetens år. Laget arbeider også med digitalisering av skrifter dei har gitt ut og filmar dei har produsert. Filmane skal leggjast ut på YouTube etter kvart.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.