Sangar om håp

Share

Sangboken har mange sangar om håp. I dag laga eg ei liste på Setesdalswiki med alle sangane som står under Det kristne håp i den boka.

Medan eg heldt på, nynna eg sangane for meg sjølv, Reidun las dei for meg, så eg skulle sleppe å sitte og bla heile tida. Eg kunne dei fleste melodiane, men ikkje alle tekstane.

Det er rart kva sangen gjer for minnet. Når noko har fått melodi, kan det sitte som spikra, men utan melodi, forsvinn det lenger bak i hjernen. Eg lurer på om det er forska på det også, eg høyrde litt av eit program i Ekko der folk snakka om hjernen sin evne til å hugse. Men ettersom eg høyrde med eit halvt øyre då eg skulle ha meg ein formiddagslur, hugsar eg ikkje så mykje. Eg må kanskje nytte meg av tilbodet dei har om å høyre det som podcast. Den kan ein jo laste ned når ein vil.

Når eg no har skrive inn lista over sangar, står det att å skrive om sangen, diktaren, omsetjaren og komponisten. Men det vil nok ta si tid, tenkjer eg. Så her må ein nok bare smørje seg med tolmod. Ta ein kikk på lista, du og:

Det kristne håp i Sangboken

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.