Svimeslått

Share

Når ein ser på tv at Russland invaderer Ukraina, blir ein noko svimeslått. Eg har vore heldig og kunna bu i eit Europa som ikkje har hatt krig i mi levetid. Det var noko kritisk då eg var i militæret, for då vardet ei krise så vi fekk ikkje permisjon. Men elles har det vore fredfullt i Europa sidan andre verdskrigen. Og slik hadde vi vona at det skulle vere også.

Men så vart det annleis, for Russland sin president meinte visst at Russland burde vere minst så stort som den gamle Sovjetunionen. Den gjekk i oppløysing, det burde den ikkje ha gjort, etter hans meining, ser det ut til.

Så no fyller krig nyhetssendingane på tv og land etter land legg sanksjonar på Russland. Det går ut over folk og handel i sør og nord, sjølv om den jamne russar ikkje kan lastast. Gigantomanien er det leiarane i Kreml som står bak. Og dei har til salt i grauten, det er meir enn folk i Russland har. Hallvard Hasseløy som vi har høyrt på Valle Radio, og som i dag vart intervjua på Distriktseninga i NRK, samlar inn pengar og klær til Ukraina, der er folk så fattige at dei sender barna på barneheim for at dei skal få mat. No får han ikkje lastebilane sine inn i Ukraina, men pengar til mat, det treng han. For no er prisane sterkt stigande, så fleire treng hjelpa han kan gje.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.