Dette landet som før vart kalla Europas kornkammer, med store sletter skapte for å dyrke korn, lid i dag av både hunger og korona. Men Hallvard Hasseløy har drive hjelpearbeid der i mange år, og i kveld var han i Valle Radio både på utpust og innpust for å fortelje om arbeidet han driv. I slutten av månaden kjem han til Klippen Bykle, der Sigrid Bjørgum står for arbeidet med å samle inn klede til folk som frys der sør og aust. Ein sekk med gode og varme klede saman med ein femtilapp til frakt, det er slik det har vore i mange år no.
I Hylestad er det Astrid Nomeland som koordinerer arbeidet, og sekker med klede kan leverast til Nomeland bedehus etter å ha tatt kontakt med Astrid for å avtale tid. Både Sigrid og Astrid var på telefonen i kveld for å fortelje om det lokale. Når Hallvard kjem for å hente sekkane på Nomeland, blir det også møte før han dreg vidare. Det blir klokka 12 laurdag og det blir vaflar og kaffe etterpå.
I samband med at det er Bibeldagen no til sundag, der prosjektet er å samle inn pengar til Biblar til Ukraina, snakka Siri Johannessen også med bibelmisjonsleiar i Bibelselskapet, Bernt Greger Olsen. Han hadde nyleg vore i Ukraina og kunne fortelje levande om trongen for Biblar. Han hadde vore i dette arbeidet lenge, men hadde likevel ikkje lært seg russisk eller ukrainsk, så samtalane med folk der måtte gå på engelsk eller med tolk.