Kvinnedagen 2022

Share

I Valle Radio vart kvinnedagen markert på fleire måtar. Først var det andakten frå Norea, den var det Eva Sollie Flå som hadde. Så var det songmøte i Vonheim, Tveitebø. Det var eit arkivopptak sendt10. mars 1999 og Tallak Hoslemo song først Han tek ikkje glansen av liget, men så var det bare kvinnerøyster å høyre i sangen.

Deretter hadde Siri Johannessen ein samtale med Else Gyro Rysstad som fortalde om ei kvinne som hadde gjort sterkt inntrykk på henne. Det var Gyro Vatnedalen som var kyrkjetenar i Fjellgardane kyrkje og som ho møtte då ho først kom til Hovden. Ho hadde også sans for Else Laula Renberg, kvinna som stifta verdas første sameforening og som engasjerte seg sterkt politisk for samane.

Marit Vegusdal frå Grendi og Databutikken, Evje hadde også ei kvinne ho sette høgt, det var Inger Langerak,  som hadde arbeidd på Landeskogen Ho var tante til Grete Fossen.

Det nye bedehuset på Evje, Evje bedehus skal det heite, skal takast i bruk denne veka. Sigurd Wiberg fortalde om 10.000 dugnadstimar for å få reist stasbygget, og når det gjaldt kvinner, ville han framheve dei som hadde gjort dugnad for bygget.

Så skifta sendinga karakter og vi fekk høyre Geir Daasvatn fortelje om arrangementet på Bygland kulturscene torsdag 10. mars klokka 18-20. Då blir det basar og auksjon til inntekt for Ukraina, og eldsjelene har sett heile Setesdal i brann for arrangementet, vi fekk høyre om ei laaaaang liste med gevinstar og auksjonsvarer.

Kultur- og fritidseininga i Valle kommune ved Torunn Charlotte Nyberg har tidlegare meldt at dei vil gi billettinntektene og overskotet frå matsalet under UKM-konserten 16. mars til innsamlinga vår. Torunn Charlotte har sendt oss ei ny melding i dag: “Vi har fått med oss følgjande på laget: – Joker Valle gir oss svært rabatterte prisar på innkjøp av råvarer til middag – deilig kyllingsuppe med rundstykke – pluss saft og kaffi. – Valle Sparebank vil doble inntekta vi får denne kvelden. – Hylestad bygdekvinnelag og Valle bygdekvinnelag bakar kaker som vi kan selje.” Me i “Setesdal for Ukraina”veit i grunnen ikkje korleis me skal få takka fint nok. Men den aller største gleda er at endå fleire menneske i naud kan få help. Takk, Valle 💝 #setesdalforukraina

Som vanleg på tysdagskveldane var det Postludium, denne gongen ved Niklos K. Besteland, som hadde funne musikk til fastetida, men som nok vart litt overraska då Siri spelte fødselsdagsfanfare for han. Han hadde dagen sin på sundag, så det høvde jo godt.