Nært og fjernt

Share

Eg hadde fått spørsmål om å lage rebusar til Open sending i kveld, men så fekk eg melding om at Ørnulf Hasla ikkje trong dei, for på grunn av sjukdom vart det ikkje noko av denne sendinga. I staden ville han ta nokre telefonar.

Men først hadde han ein samtale om kultur med kultursjef Torunn Charlotte Nyberg. Hennar område er mellom anna biblioteket og Ørnulf var imponert over høvet til å gå inn i Sæbyggjen når det passa han sjølv, det er jo ein slik avtale ein kan gjere om meirope bibliotek, og så sitje og bla i gamle Setesdølen, som biblioteket har innbundne i store bøker. -Der finn ein mykje interessant.

Før han kom til telefonane han skulle ta, hadde han også ein samtale med Ole Birger Lien, som no er blitt kommunikasjonsrådgjevar i Bykle etter 21 år som journalist i Setesdølen. Han meinte at om han skulle gjere noko anna før han blei pensjonist, måtte han gjere det no, Ole Birger har studert statsvitskap, og det er eit fag som vel høver godt i ei slik stilling han no har fått.

I stillinga skal han prøve å fokusere på alt det positive som skjer i kommunen, det negative kjem som oftast fram av seg sjølv, som han sa. -Har du sikra det sommarferie i moltesesongen? spurde Ørnulf. -Vi snakka om det, og det skulle nok bli ei råd med det, sa den ivrige molteplukkaren som ei tid hadde seks frysarar fulle av molter. Det har han ikkje lenger, kona syter for at det han plukkar blir seld, og det er like bra, for sjølv likar han ikkje molter. -Det er OK med moltekrem til jolaftan, men elles et eg ikkje molter. -Men å plukke molter er det gamaste eg veit, sa han.

I sendinga fekk vi og høyre frå opninga av det nye huset til Valle bygdekvinnelag, i det gamle internatbygget. Ørnulf hadde også ein prat med Torkjel Austad om Bygland Bryggeri som no har fått plass i Ose Waters sitt bygg og med Kent Vidar Helle Voreland, som var i Aten, men som jobbar hardt for å bygge ut betalingsløysinga Simplepayme og som har fått investorar til å investere 40 millionar kroner i selskapet han eig og driv. Så kvelden gjekk både nært og fjernt.