Besøk

Share

Sjølv om korona-tida er over, er det ikkje så mykje folk går på besøk til kvarandre, trur eg. I alle fall er vi lite ute og det er sjeldan nokon kjem innom. Men i kveld kom Jorunn og Ole Thorvald frå Lyngdal ein tur, og det vart ein triveleg kveld.

Dei ville jo gjerne sjå den nye omnen vi har fått, og den tek seg fint ut i stova både med og uten flamme. Vi brukar å fyre litt om kvelden når sola har gått ned, så dei fekk sjå han med flamme i kveld. Vi skulle nok kanskje hatt på TV og sett meir om utviklinga i Ukraina, men vi gjorde ikkje det. Praten var heller om dei nære ting.

Dei har ein tradisjon der han les ei bok og ho høyrer på. No las dei ei bok om John Olav Larssen, og der var mitt namn også med. Det er jo ikkje så unaturleg, eg arbeidde saman med han då eg var redaktør i Fiskerens Venn.

Dei hadde vore i gravferd i Sauda nyleg, Anna Jorunn Garvik var i familie med Ole Thorvald. Dei hadde hatt god tid, og hatt to overnattingar. Men hotellet hadde ikkje servering, så dei måtte i butikken og kjøpe seg mat og ordne til på rommet. Det er jo kanskje ikkje slik ein ventar det når ein kjem til eit hotell. Men i ettertid kan ein jo le av det og fortelje om det.