Etterlysing

Share

Reidun strikkar for Setesdal Husflid og då ho var ferdig med siste bestilling for ei tid tilbake, sendte ho ein pakke med to gensarar til dei. Ho hadde sporing på pakken, men det kom bare opp at sist fredag var pakken komen til Kristiansand.

Difor tok ho ein telefon til Husfliden i dag og lurte på om dei hadde fått pakken. Det hadde dei ikkje.

-Kven kan ein ringe til på Posten, spurte ho litt frustrert etterpå og fortalde at då ho vakna i natt, tenkte ho på det.

Men så fann ho eit nummer og slo det. Der svara ei hyggeleg stemme og lurte på kva ho kunne hjelpe med. Reidun forklarte problemet, las opp sporingsnummeret og fekk høyre at dei skulle sjå på det.

Det gjekk bare nokre få minutt, så ringde telefonen og sa at dei hadde funne pakken, han låg klar til henting på Valle Handel, som jo har posten i Valle.

Ho som i natt hadde lege og grudd  seg for om ho måtte strikke ein ny genser, vart jo mest hoppande glad og takka så mykje. Så ringde ho til Husfliden, og dei skulle springe over på butikken før dei sjølv opna og hente pakken.

Etterpå fekk Reidun ei kundeundersøking der ho skulle svare på kor nøgd ho var med hjelpa ho hadde fått. Då svara ho 10 av 10 poeng. Det kan eg godt skjøne.

Når ei etterlysning fører til oppklaring, då er det verd 10 av 10 poeng.