Ansvarleg

Share

I kveld var eg ansvarleg for sendinga i Valle Radio. Det var ein kveld med ganske lite aktuelt stoff, for i høve at radioen er 25 år i år, sender vi stoff frå arkivet. I kveld var det gjenhøyr med eit intervju Johs. Bjørkeli hadde med Olav Ånison Berg frå Hylestad i 2001.

Men før det var det Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki og Kommunen informerer ved Siv Ragnhild Bjerga, som fortalde om den økonomiske situasjonen for kommunen. Rekneskapen for 2021 skal ble vedteken av kommunestyret i juni-møtet, no er det Agder revisjon som går gjennom rekneskapen, og sidan skal saka opp i fleire underutval før endeleg vedtak. Av meir aktuelle saker kunne ho fortelje at 4. klassingane på skulen no samlar inn batteri.

Eg kunne også smette inn ein liten samtale med Bjørn Erling Auestad som no opnar kjellaren på Bergtun att, i det minste i helgene og elles for grupper som bestiller der. Hans bransje har hatt det tøft i koronatida med nedstenging fleire gonger, men no var det håp om å få meir normal drift att. Til helga skulle det vere HovdenTour og då venta han mange folk til Hovden. Også Sesilåmi var viktig, sjølv om rennet vart avlyst også i år, så er slike aktivitetar viktige for næringslivet i Setesdal vinterstid. Sommaren går jo meir av seg sjølv, då er det turistar frå både innland og utland som held hjula i gang i reiselivet.

Så vart kvelden avslutta med Opi sending med Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike i studio. Med Liv Gunn Viki som teknikar og Ingeborg Åkre Løyland som telefonvakt laga dei ein triveleg kveld, sjølv om det bare var tre som ringte inn på rebusane, Signe Lund, Gyro Kopperud og underteikna. Gyro fekk gåvekort, vi fekk flax-lodd, så får vi sjå om flaksen held fram når lodda kjem.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.