Når ein lever på ein stor fot, treng ein store sko. Eg har hatt 47 frå eg var ung, men med meir hovne føter i seinare år, vart nummera større og større.
Ved eit slumpetreff fekk eg vite at eg kunne få sko gjennom NAV på grunn av andre underliggjande sjukdommar og i dag var eg og henta nye sko. Då hadde eg vore hos Blatchford Ortopedi i Sørlandsparken før jul for å ta mål, sidan ein tur for å tilpasse ein modell og no endeleg var dei ferdige.
Eg vil mest kalle dei Mercedes eller over i skosamanheng. Dei eg har hatt før, var det vanskeleg å få føtene ned i, og dei klemte jo både her og både der, som dei seier. Her gjekk foten rett inn og dei høvde utan å klemme. Det var som å kome til ei ny tid, no treng eg ikkje lenger tenke på turen til Store Sko-butikken i Oslo, der eg handla sko før.
Med privatsjåfør gjekk turen fint i strålande sol. Er det ikkje då ein seier at alle var samde om at det hadde vore ein fin tur?