Gammal snop

Share

Under litt rydding i dag dukka det opp gammal snop. Ein pose Bridgeblanding som gjekk ut på dato i april 2003 dukka opp. Då eg la bilde av den ut på Facebook, fekk eg ein kommentar om at eg nok ikkje var nokon godtemons. Den var det nok ikkje alle som kjenner meg, som var enig i.

Likevel tenkte eg at hadde den vore uopna så lenge, kunne den nok tole litt til, så eg let han ligge i fred. Til kaffi under Dagsrevyen hadde eg som vanleg eit stykke lefse og ei rute kokesjokolade.

I morgon får vi påskeinnrykk av folk som vil ha nokre dagar saman med oss på Eskeland. Vi har korkje hytte på fjellet eller i strandkanten, så vi held oss heime og tek påskedagane med ro. Men eg vil nok prøve å få med meg noko av påskebasaren i Valle Radio på skjærtorsdag og 1. påskedag. Der er det premiar for 100.000 kroner, ikkje 10.000, som det stod i Setesdølen. Kan hende kjem det eit gåvekort denne vegen også. Då må eg i alle fall sikre meg lodd.

Snopen i Valle Radio-skuffa får ikkje ligge i 20 år, den må kompletterast med jamne mellomrom, for utan kaffi eller te og litt snop er det vanskeleg å lage god radio.