Pizza

Share

Heimelaga pizza er godt på mange måtar. Det er godt å ete, fyllet er slik ein ønskjer det, stykkene er også høvelege. I dag, då vi fekk huset fullt av folk, var det ekstra høveleg, for folk kom til litt ulike tider, og då kunne ein også tilpasse situasjonen.

Vi har altså fått påskegjester, og det var hyggeleg. Etter pizza var det quiz, laurdagsavisa var full av spørsmål og med mange til å svare, kunne vi dekke mange felt. Når det kom spørsmål om kva mannen til Batseba heitte, kunne dei som ikkje er så lærde innan Bibelsoge peike på Reidun og seie: Du har gått på Bibelskolen, og så kom svaret.

For ho gjekk på Bibelskolen i Oslo, det var der vi møtte kvarandre. Og sjølv om vi har hatt periodar der vi ikkje var på same staden, har vi halde saman sidan. Ein ny quiz kunne kanskje vere å spørje kva tid vi møtte kvarandre.

Det er mange som har møtt kvarandre på Bibelskolen i Staffeldts gate, der Indremisjonsselskapet heldt til i mange år. Sidan flytta dei bibelskolen til Grimstad. Mange har sikkert gode minner derifrå også.

Ein naturleg quiz i kveld må kanskje vere: Kven var lærar på bibelskolen og vart seinare biskop i Borg?

Klarer du det, kan du få det siste stykket pizza.