28 dagar

Share

Den siste tida har eg lese ein roman av Maryan Keyes om ei kvinne som var lagt inn på ein klinikk for avrusing etter langvarig bruk av rusmidlar. Rachels ferie heitte boka og det var sterkt å lese den. Sidan lånte eg oppfølgjaren, den kom 20 år etterpå, då er Rachel sjølv blitt terapeut på klinikken.

I dag kom eg over ein film på Netflix med tittelen 28 dagar, den handla om det same. Medan det i boka var tale om tre månader, var det i filmen bare fire veker. Så kom journalisten tilbake til venner i byen, og dei ville lage fest for henne, ville skåle og feire at ho var tilbake.

Men då vende ho ryggen til det gamle livet og gjekk frå dei sjølv om ho vart kalla festbrems og anna mindre fine ting.

Både filmen og bøkene var tankevekkande. Sjølv har eg vore totalist heile livet, ikkje minst vart eg det prinsipielt då eg var rektor på folkehøgskolen og såg kva alkohol førte til hos unge som skulle ha fest.

Det er godt mogleg å ha fest utan å ruse seg, truleg er det minst like godt som med rus, og så er det ikkje bakrus.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.