Etterspurte bøker

Share

Eg har samla litt på bøker av Lars Rustbøle for å skrive om dei på Setesdalswiki. Difor hugsa Margunn på meg då det kom eit spørsmål etter bøker av han på ei intern mail-liste for bibliotekarar. Ho lurte på om eg kunne vere av med nokre av bøkene mine.

Det kunne eg jo gjerne. Eg leita fram nokre av dei eg hadde, og det synte seg at eg hadde tre eksemplar av Brudesøljen, ei bok som kom i 1933 og sidan kom i mange opplag. Bøkene hans kom i det heile i mange opplag, noko av dette kan ein lese om i artikkelen om han på Setesdalswiki.

Men først må eg jo skrive om bøkene på Setesdalswiki. Det blir bare bibliografisk informasjon om årstall for utgjevingane, sidetall, forlag og illustratør, om eg finn informasjon om noko slikt.

Førsteutgåva av Brudesøljen hadde omslag teikna av Trygve M. Davidsen. Det blir nok ein artikkel om han også, og han hadde artikkel på Wikipedia, så då blir det ikkje så vanskeleg. Å finne informasjon om De unges forlag, det er kanskje ikkje like enkelt, men eg får sjå kva eg finn.

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.