Fortellertalent

Share

Ein ting er å kunne skrive sakprosa, til dømes artiklar på Setesdalswiki om folk og hendingar i Setesdal og andre stader. Noko anna er å kunne skrive ei forteljing, slik ein romanforfattar gjer det. Romanar og noveller, det vi kallar skjønnlitteratur, er ein eigen sjanger som krev at ein kan skrive ei fortelling.

Eg kan nok skrive litt poesi også, sjølv om det helst blir leilighetsdikt som sangar til bryllaup og konfirmasjon. Når ein veks opp i ein sangglad heim, får ein med seg nokre slike gjennom åra. Eg er glad for å ha kunna hjelpe folk som gjerne vil ha ein sang til slike merkedagar, så når eg får nokre stikkord, så kan det fort bli både tre og fem vers.

Men kan hende er det ikkje så ofte vi syng saman på den måten lenger, i staden blir det sett på ei plate med ferdig innspelt sang. Det er eit tap, for fellessang knytter oss saman på ein særegen måte. Det blir sagt at eit kor som syng saman, etter kvart også synkroniserer pusten.

Men å skrive ei novelle, det er noko anna. Då skal ein kunne fortelje ei fortelling eller ei historie på ein slik måte at det fangar interessa til lesaren og dreg han gjennom side etter side. Lars Rustbøle var ein slik forfattar, frå hans skrivemaskin kom det visst over 70 bøker gjennom eit langt liv. Eg har eit lite prosjekt på Setesdalswiki om å skrive om bøkene hans, det blir bare korte fakta, men det er likevel litt å fortelje om. Bøkene hans er etter kvart blitt borte frå biblioteka, det er kanskje eit sakn. Sjølv skaffa eg meg nokre av dei då det var boksalg i Valle. Kan hende skulle eg lese litt og sjå om eg kan lære noko?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.