God biografi

Share

I dag nytta eg høvet til å lese ei bok som kom forbi. Den heiter Min skyld og er ein sjølvbiografi av Abid Raja. Han er ikkje så mykje i media no når vi har fått ny regjering, men han var kultur- og  likestillingsminister i Solberg-regjeringa. Boka kom ut i 2021, då var han gått av og var stortingsrepresentant for Venstre.

Livshistoria hans er ganske spesiell, for han hadde ein medfødd tarmsjukdom som gjorde at han låg på sjukehus dei første fire månadane av livet og heile barne- og ungdomsåra sleit han med problem med tarmen. Det er vanskeleg for ein å forestille seg problema med lukt når ein ikkje kan halde på det som skal ut og ein ikkje har opplevd det sjølv.

Problemet i heimen var at pappa ikkje kunne godta problemet til sonen, men gav han juling gjennom heile oppveksten. Likevel vart det skjult, halde innanfor familien. Ære og skam er viktig i mange familiar, men sikkert ikkje minst i ein pakistansk innvandrarfamilie.

Sjølvbiografien er god og lett å lese. Over 200 sider gjekk på dagen. Vi får vite litt om dei ulike jobbane han har hatt trass i sitt problem og om folk som såg det som budde i han og hjelpte han både å studere og å kome i gang i arbeidslivet. Det kunne endt i kriminalitet og eit liv bak murar, i staden vart det ekteskap og eit familieliv med kone og tre barn. Å skape likestilling i heimen var heller ikkje lett, med morsmelka hadde han fått inn at jenter held seg på kjøkkenet, steller mat og serverer. Slik kunne det ikkje vere om likestillinga skulle vere reell, så han måtte på vaksenopplæring og fekk seg vanskelege lekser.

Ei tankevekkande bok om ein mann som kjempa seg gjennom alle utfordringar han møtte.

Min skyld

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.