For ei tid tilbake fekk eg spørsmål frå Torbjørn Greipsland om å få mailadresse til Fædrelandsvennen. Det fekk han frå meg, og i dag skjøna eg kvifor han ville ha den. For i dag fylte han 80 år, men det stod ikkje noko i avisa om det. Han ville nok at dagen skulle passere i det stille og bare feirast med nær familie utan avbrot av mange telefonar.
Om det ikkje stod noko i avisa, så stod det på Setesdalswiki. Der hadde eg denne lista:
- Gunnar Attestog: 94 år
- Svein Inge Olsen: 59 år
- Vegard Moi: 39 år
- Jakob Haugaa (1991): 31 år
- Paul Odland: 70 år
- Torbjørn Greipsland: 80 år
Gratulerer med dagen til dykk, alle samen.