Å spele med pinnar der ein slepper dei ut over bordet og så skal fjerne dei utan at andre pinnar rører seg, det kalla vi heime å spele kogre. Men det er visst eit typisk jæruttrykk. Eg finn det ikkje i Nynorskordboka heller.
Digitalt arkiv har eit bilde der uttrykket er brukt. Der er det pinnar slik eg hugsa dei frå barndommen, med ulik verdi skrive på toppen av pinnane.
Her i huset hadde vi frå gammalt eit spel utan spesielle toppar, men med fargar på pinnane. Det vart visst kalla Mikado. I dag kom det fram i ei av øktene og laga mykje moro for dei som var med. Som ein ser av bildet hadde det ikkje nytta for meg å vere med, eg skalv på handa og fekk eit uskarpt bilde.