Med noko attåt

Share

-Vi treng litt hjelp med ei kake, sa søster Jorunn til meg på telefonen.

Eg er ikkje den som let meg be to gonger når det gjeld kaker, så eg ønska dei velkomne til Eskeland. Dei hadde vore ein tur vestover og fått med seg litt av kvart frå broder Hermund på Ålgård som dei hadde med. I tillegg hadde dei nokre bøker av Lars Rustbøle, så eg kunne få noko å skrive om på Setesdalswiki også.

Etter nydeleg kake Drømmen og hyggeleg prat om mangt og mykje, mellom anna om Lunsjkonserten i Lyngdal konserthus i dag, med Ilze Jaunzeme og Sverre Eftestøl, om vikarorganistoppgåver i påska i indre bygder og om samvær med søsken som eg hadde stått over.

Dei har sett på serien Alle mot 1 på laurdagskveldane, så vi sette på TV for å sjå den, vi også. Der fekk vi endåtil sjå vår norske snooker-helt Kurt Maflin og tippe på kor mykje vatn som kunne flyttast med svampar frå ei bøtte til ei anna av ein gjeng handballspelarar.

Så tok dei turen tilbake til Lyngdal og vi sette på TV for å sjå på snooker-VM der vi fekk eit av dei lengste partia eg har sett. Til slutt måtte fjorårets verdsmeister sjå seg slegen av ein utfordrar, så no blir det spennande å sjå korleis det går vidare fram mot finalen neste sundag.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.