Stille

Share

I kveld var det stille i Valle Radio. På Facebook-sida til radioen kunne eg lese:

Det blir ikkje sending denne veka, i staden forbereder vi oss til dei store påskesendingane skjærtorsdag og 1. påskedag. Meir info kjem etterkvart. Vi gleder oss!! 🐥🐣🐥🐣🐥🐣🐥

Så eg fann fram ei bok og las i den i staden for å høyre på radio i kveld. Og så fekk eg bladet frå Norsk Lærerakademi, Servus, i posten. Det måtte jo og studerast. Dei fortel at dei skal legge om og bare ha to utgjevingar i året. Då blir det så sjeldan at ein mest gløymer det, tenkjer eg. Men no er det så lenge sidan eg studerte der, og så mykje er endra, at det gjer kanskje ikkje så mykje.

Dessverre gløymde eg å høyre på disputasen til Maren Stabel Tvedt i dag, eg hadde tenkt å gjere det då eg såg meldinga om at ho skulle disputere. Men eg kan jo gratulere henne her på bloggen.

Mandag 4. april 2022 kl. 10:00-14:00,
Kjølv Egelands hus/Zoom,
E-164.

Elever i videregående skole som opplever et lite støttende læringsmiljø, er mer tilbøyelige til å slutte på skolen. – Det er på tide vi anerkjenner at de ikke bare trenger å kjenne mestring, men også mening og tilhørighet i skolen, mener doktorgradsstudent ved Læringsmiljøsenteret.

Til hausten er det Rønnaug sin tur.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.