Wiki-samarbeid

Share

I dag hadde eg gleda av å samarbeide med Siri om artiklar på Setesdalswiki. Eg har ei bok frå 1941 om misjonærar i Kinamisjonsforbundet. Den har bilder og små biografiar om dei som hadde hatt teneste frå starten i 1891.

Ettersom boka er falt i det fri og ikkje har copyright, kan ein i prinsippet legge inn teksten og bilda på Setesdalswiki. Så det starta vi på, eg på å skrive, ho på å legge inn bilder.

Eit slikt samarbeid er svært motiverande for meg, så eg ser fram til fleire økter om Siri har høve til det.

Ein kan ikkje anna enn å bli imponert av desse folka som for over hundre år sidan reiste til andre sida av verda for å fortelje om det dei opplevde som det største i livet. Menn og kvinner forlet heimane sine og familie for eit usikkert liv, nokre døydde og fekk ei grav langt borte frå heimlandet. Etter lange periodar ute kom dei heim for å fortelje om arbeidet før dei igjen reiste ut.

I denne tida var det samarbeid med kyrkjelydar i USA, der var det nordmenn som hadde starta skule for utdanning av misjonærar. Eg bør vel etter kvart også skrive om Red Wing Seminary også.

Heldigvis held Geir på med mykje lokalt stoff, han er svært god til å leite fram kjelder om lokale tilhøve, så samarbeidet fungerer også på den måten. Snart rundar vi eit nytt hundretal også.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.