Flott jobb

Share

I dag fekk vi høyre litt om jobben som Anna Slaby Driel gjer i Valle kulturskule. Fleire av ungane ho har med der, var i studio og framførte det dei har lært av rim, regler, stev og folkemusikk. Det var flott å høyre på. Truleg var det også nokre som sjeldan høyrer på Valle radio som leita seg fram for å høyre dei håpefulle på lufta.

Det var også plass til ein prat med Viggo Wilhelmsen om arbeidet hans i Korint, der han hjelper sigøynarbarn å lære å lese i tillegg til å gje det dei treng til livsopphald. Denne gruppa er ikkje velsett i Hellas, så arbeidet er viktig. Til helga kjem han til Nomeland bedehus for å fortelje om arbeidet og samle inn pengar. Han er blitt 78 år, men står framleis på.

Til slutt i kveld kom Niklos K. Besteland med musikk til pinse. Han hadde eit vakkert korverk først og deretter fleire komposisjonar basert på ei av dei eldste melodiane vi har i salmeboka, Nu beder vi den Hellig Ånd.

Redaksjonsråd

Share

I aviser og radio og andre mediesamanhengar er det gjerne ein redaksjon som saman diskuterer kva som skal publiserast. I Valle radio er vi som er programleiarar nok meir aleine, på godt og vondt. For når ein er tom for idear til kva ein skal lage program om, kan det vere godt å ha nokon å snakke med.

No når det er sommar, er det framleis tysdagssendingar i Valle Radio. Då er eg så heldig at eg av og til får vere med Siri Johannessen og diskutere idear og saker som kan vere aktuelle. Ho held liv i programma tysdagskveldane også når det etter kvart ikkje lenger er sendingar kvar onsdag.

Men denne gongen løyste det seg utan at nokon av dei ideane eg hadde vart brukte. I staden blir det eit program med interessant informasjon og stoff til ettertanke der både Valle kulturskule og Åpne dører medverkar.

Tirsdag 31. mai
Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret, programinformasjon og kåseri ved Asbjørn Kvalbein (Norea)
18.15 Over en åpen bibel fra Norea ved Sverre Bøe
18.30 Musikk med m.a. Valle kulturskule / Anna Slaby og Thor Bernhard Sageland

19.30 Timen med m.a. et intervju med Lise Karlsen då ho fekk Kongens fortenstmedalje (Radio Sunnmøre) og Åpne dørers program om skrivetenesta
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland

21.00 Kyrkjebakken

NETTRADIO via http://www.valleradio.com

Kolportørar

Share

I gamle dagar hadde vi noko som heitte kolportørar. Det var folk som farta rundt og selde bøker. Hans Nielsen Hauge var ein slik mann, han etablerte trykkeri og bokbinding og reiste rundt og hadde møter og selde bøker. På den tida var det ikkje lov å selje bøker som ikkje var godkjende av kongen i Danmark, og å ha møter når presten ikkje var til stades, var heller ikkje lov. Så øvrigheita måtte fengsle Hauge, men han bana vegen for det moderne Norge, er det blitt sagt.

I dag hadde vi ein kolportør på døra. Han selde bøker for Norsk Bokforlag, som er Adventistane sitt forlag. Ei engelsk bok om Afrikansk kokekunst og ei bok på norsk om Kvinner som forandra verden skifta eigar. Du har kanskje hatt dei på besøk, du som les dette også. I tre månader er dei i Norge for å selje bøker og slik finansiere studier på Universitetet i Nairobi i Kenya.

Eg hadde mål om å kvitte meg med bøker, i staden kom to nye bøker inn i stova. Eg får sjå om eg klarar å kvitte meg med nokre av dei andre eg har. Og så håpar eg at kolportørane får nok pengar til å fullføre studia sine og skape seg eit meiningsfullt liv i arbeid og kyrkje når dei reiser tilbake til Kenya.

Katten

Share

Kva skal eg skrive om på bloggen i kveld, tenkjer eg. I går var det Tour of Norway, i dag sykla dei på heimlege trakter på Jæren, så eg kunne nok skrive om dei i dag og, men hadde ikkje så mykje nytt å fortelje.

Men der bankar katten på vinduet. Han (ho, det er ei hokatt) står på kassen over varmepumpa og bankar med labben på vinduet akkurat i det Jakob Ingebretsen har vunne sitt løp i Diamond League og eg har slått av TV.

Katten er 14 år og slett ikkje så spretten som han var då vi fekk han. Det er vel ikkje eg heller, så slik sett er vi vel like. Han liker å ligge i Reidun sitt fang, då kan han male, og når vi får gjester, vil han gjerne helse på dei og få litt kos. Det får han ikkje hos meg, så han held seg unna, har knapt prøvd å kome i fanget mitt.

Vi hadde katt då eg var liten, men det var ein utekatt, han fekk ikkje kome inn i huset vårt i det heile. Reidun hadde katt då ho var lita også, eg trur ein katt på eit småbruk har det betre enn ein katt i ein bygdeby. Og vår katt skal ha det at han held huset vårt musefritt.

Tour of Norway

Share

I dag sykla Tour of Norway gjennom Norges finaste dal. Det var ein lang etappe, frå Hovden til Kristiansand er det over 200 km, men det var ein lett etappe samanlikna med gårsdagens, der dei klatra mot Gaustatoppen.

Mange av oss i godstolane heime tenkte nok at ein slik etappe ville vere godt eigna for Alexander Kristoff, og det var det jo også, men han sa sjølv at han sakna opptrekkaren sin. Det var ein som tidlegare har vore opptrekkar for Kristoff som i staden vann i Kristiansand.

Sjølv har eg jo kjørt det meste av strekninga mange gonger. Men det er noko annleis å sjå det frå lufta, slik vi gjer det når bilda frå helikopteret syner feltet av syklistar. Eg måtte fleire gonger prøve å orientere meg inn på kor dei var. Vi fekk jo ikkje sjå noko særleg frå Valle, for dei dundra gjennom bygda før sendinga starta. Mange klagar litt over at ein ikkje får sjå heile rittet, men bare dei siste timane. Men slik er det jo blitt.

Stevnedag

Share

Kristi Himmelfartsdag er stevnedag for mange. På Gautestad kurs-og misjonssenter har Misjonssambandet i mange år hatt stevne denne dagen. Dei startar onsdagskvelden og held fram torsdag, og det kan dei gjere fordi det er høve til overnatting der. I år skulle Hallvard Myren tale, og Wenche og Jørn Slimestad frå Lyngdal skulle synge.

Då eg var ung, arrangerte Ryfylke og Jæren indremisjon kretsungdomsstevne denne dagen. Det var alltid lagt til ein stad i Ryfylke, og det vart chartra båtar for å få med alle folka frå Jæren til stevnet. Eg hugsar gamle Kong Sverre og Sandnes var med, men også ferjer som Jøsenfjord og Hjelmelandsfjord var med. Då kunne ein starte alt på turen innover når veret var fint og syngje og spele på turen.

Tida har endra seg frå 1960-talet, i dag dreg folk med eigen transport til stevne og lag, Men når bedehusfolket samlast, vil det framleis vere sang og musikk.  Musikken er nok også endra noko, det er kanskje færre gitarar og trekkspel og meir slagverk, men å prise Gud og takke Jesus for vår med ljose dagar, for frelse og nytt liv, det gjer kyrkjelydar også i våre dagar.

 

Madagaskar i heia

Share

Langt inne i vestheia ligg Øyarvatn på grensa mellom Setesdal og Sirdal. Dei som kjører over heia, passerer vatnet når dei kjører under Roskreppdammen.

I dette vatnet ligg eit par holmar, den eine heiter Madagaskar og den andre heiter Manhattan. Då eg i dag snakka med Bjørgulv T. Berg på telefonen, lurte han på om eg hadde funne ut noko om desse namna. For ei tid tilbake hadde eg spurt han om det, og han hadde ikkje noko svar.

Då kunne eg fortelje at eg hadde leita meg fram til han som var sjefsgjetar og fått vite at han meinte at namna var blitt sett som kallenamn. Historia bak Manhattan var at det ein gong kom eit turfylgje forbi holmen og då var det ein som kommenterte at dei gjekk så tett som om dei skulle vore på Manhattan. Slik fekk holmen namn, og når det gjeld Madagaskar, så ligg han litt utanfor land, akkurat som Madagaskar ligg litt utanfor Afrika, så det var heller ikkje unaturleg med det namnet.

Det er alltid hyggeleg å slå av ein prat med Bjørgulv. Som oftast er det han som har noko nytt og interessant å fortelje, men denne gongen var det eg som kunne gi han noko han ikkje visste frå før.

Noko forsvann

Share

I går skreiv eg at noko forsvinn, og det skjedde i høve til programmet i Valle Radio i dag, der eit innslag som var annonsert, ikkje var med. Men det som var med, var interessant nok.

Etter andakten og Olav Lindstølens musikktime hadde Siri Johannessen ein samtale med Knut H. Rysstad om stavkyrkjeplanane på Rysstad. Planen er at bygget skal reisast på Bjugsbakk like ved museet og bli synlig for alle som ferdast forbi. Men det er eit drygt prosjekt å realisere, både når det gjeld treverk og pengar. Når det skal byggjast på gamlemåten med øks som viktigaste reidskapen, vil det ta tid. Folk må lærast opp i dei gamle handverksteknikkane.

Fredag og laurdag blir det mykje sykling i Setesdal, fredag kjem Tour of Norway nedover dalen og laurdag er det Color Line Tour som legg ut oppover. Medan dei første er proffar, er laurdagens syklistar glade amatørar som startar i grupper på 40 og som har fleire matstasjonar oppover. Eg hugsar då Tour of Norway kom forbi hos oss, det var bare svisjing, så var heile horden forbi, ei oppleving der ein knapt fekk opp mobilen for å ta bilde.

Else Gyro Rysstad var med og fortalde at det skal vere Tårnagentar i Valle kyrkje no og dei skal delta på gudsteneste også.

Som vanleg vart sendinga avslutta med Postludium, denne gongen med musikk Siri hadde funne. Det eg fekk med meg, var vakkert, men noko forsvann fordi eg fekk telefon og måtte snakke der.

Meir kunne eg sikkert skrive, men noko forsvann denne gongen også.

Noko forsvinn

Share

Av og til lurer eg på kva som skjer. Til dømes laga eg ein artikkel på Setesdalswiki, trudde eg, om dei som har fått kulturprisen i Åseral. Men eg finn han ikkje att, så eg har truleg gløymt å lagre artikkelen. I staden har eg blitt oppteken med noko anna, og då burde eg vite korleis det går.

Om du vil høyre Valle Radio i morgon, må du vere klar frå klokka 18, og så kan du høyre programmet fram til klokka 21.15 om lag. Om du ikkje sjølv tek det opp, er det borte, for Valle Radio har ikkje podcast

Her er programmet:

Program tysdag 24. mai og onsdag 25. mai 🌸
Tysdag 24. mai:
Ansvarleg og teknikar Siri Johannessen
18.00 Kvarteret med kåseri av Asbjørn Kvalbein, Norea Mediemisjon
18.15 Over en åpen bibel ved Marianne Synnes Braseth (Norea)
18.30 Olav Lindstølens musikktime
19.30 Timen med m.a.
– Overlege Ole G Rysstad ifm sideprogrammet for “Anne” i Kilden 2. juni
– Knut H Rysstad om stavkyrkjeprosjektet Setesdal stavkyrkje
20.30 Postludium ved Siri Johannessen
21.00 Kyrkjebakken
Onsdag 25. mai
Teknikar Jørund Georg Jore
18.00 Kommunestyremøte

Røtter på Skjernøy

Share

I dag hadde vi besøk av Tor Willy Johannessen og dattera Kirsten. Ho er fem-menning med barna våre etter det vi har funne ut, og dei ville snakke om slekt med utgangspunkt i bilder frå garden på Skjernøy som ho skal overta saman med ei søster.

Reidun sin onkel Odd Lohne har skrive eit dokument om slekta og der står det noko om livet på Skjernøy under 2. verdskrig. Garden der var viktig for familien i dei vanskelege åra, der kunne dei dyrke mat og ha dyr. Dette dokumentet, som er på ganske mange sider, fekk dei med seg for å kopiere, og så ville Tor Willy kome innom att om eit par veker med det.

Som pensjonert lærar har han mykje å henge fingrane i når det gjeld restaurering av gamle hus, men når ein sjølv er hendig, så er det mykje som kan gjerast. Sjølv er eg dessverre nok mest hendig på eit tastatur, så eg kan skrive litt.

I 2004 hadde vi slektsstevne på Skjernøy. Då var det mange som kom frå USA for å vere med, og i då laga vi ei bok med same tittel som bloggen i dag. Det er ei rik kjelde til informasjon om ein vil granske. Men som alle slike bøker, dei speglar det tidspunktet då boka vart laga. Mykje har skjedd på dei 18 åra sidan boka kom ut på Setesdalsforlaget.

Kan være et bilde av 2 personer, folk som står og innendørs