Snooker

Share

Dei som kjenner meg, veit at eg likar å sjå på snooker på tv. I to veker har det no vore VM i snooker, og i morgon kjem avgjerda. Før var det visst slik at verdsmeisteren frå året før sat og venta på at dei andre skulle kvalifisere seg til å spele mot han, slik som Magnus Carlsen gjer i sjakk. Men no er det ei turnering der dei beste spelar mot kvarandre, så blir ein slått ut og ein går vidare.

Kven er så dei beste? Jo det er den som har tent mest. Målinga blir gjort i pund, dette er jo eit spel i Storbritannia. Det er ikkje så mange som er med frå Kontinentet. Her i Norge er det Kurt Maflin som er den beste snookerspelaren, men han kom ikkje med i VM denne gongen.

Eit år fekk eg som jolegåve av Rønnaug ei bok om min snooker-helt Ronnie O’Sullivan. Han er i finalen i år og spelar mot Judd Trump. Det heile ser eg på Eurosport. I ein slik kamp må dei gå ganske mykje rundt bordet, men eg trur ikkje det gjer så mykje, for dei er godt trente. Boka eg fekk handla om løpinga til Sullivan. Eg vart mest andpusten av å lese den.

Men å nyte snooker frå lenestolen, det er også ein kunst, og der er eg ganske god.