Snøscooter med meir

Share

Det er vel på tampen av snøscootersesongen for i år, men i kveld hadde Valle Radio fått Henry Viki i studio og Tom Handeland på telefonen for å ha ein scooterprat. Det var litt i kjølvatnet av Brokkedraget, konkurransen der ein kjører opp ein bakke på 101 meter. Dei raskaste klarte det på 6-7 sekund, så då går det unna.

På telefonen var også Vilde Homme med. Dette var eit opplegg i staden for open sending, og etterpå kom det ein kommentar: “dette var den korteste 1 time og ett kvarter jeg noen gang har vært med på” 😃 

Samtalen gjekk sjølvsagt om konkurransen, men mest om gleda ved å kjøre snøscooter. Dei var også innom nytta i samband med redningsoppdrag, vi minnast rasulukka i Stavdalen for nokre år sidan.

Vi fekk også høyre nokre av songane frå plata som radioen gav ut i samband med snøscooter-NM på Åraksøyne.

Før dette hadde eg ein prat med Bykle-ordførar Jon Rolf Næss i Kommunen informerer. Der snakka vi både om vasskraft og manglande regn og om at han neppe kom til å stille til val neste gong, tre periodar kunne vel vere nok som ordførar.

Aktuell time handla om Evje folkehøgskole, der eg hadde rektor Aslak Brekke på tråden. Det var også eit intervju med teatersjefen på Kilden, Valborg Frøysnes, om teaterstykket Anne av Paal-Helge Haugen. Det har premiere i Valle fredagskvelden. Den samtalen var det Siri Johannessen som hadde, ho var teknikar i kveld og redda kvelden, for det var litt tekniske utfordringar denne gongen. Men alt i alt er eg godt nøgd med kvelden når det gjeld innhaldet. Det var både variert og for meg lærerikt.