Skulle vore

Share

Eg skulle vore litt meir produktiv på Setesdalswiki, tenkjer eg. Men det er ikkje så lett, for det er noko som må lesast først. Torsdagane er det fire aviser som ein skal gjennom, det tek si tid. Så må ein puste litt mellom slaga og ein må helst ta ein strekk også.

I dag har eg prøvd å få orden i tankane omkring ei bok om Misjonssambandet i Mandal. Der fann eg ut kva tid Misjonssalen Mandal vart bygd og fekk ein liten artikkel om det på Setesdalswiki. Men det er mykje meir å grunne på, så det går ikkje så fort som eg hadde tenkt. Det skulle vore lettare å finne ut slikt, eg må kan hende spørje Erik Kjebekk.

Eg fekk eit spørsmål om eg var interessert i 15 bøker av Lars Rustbøle, men det var eg ikkje, eg prøver jo heller å kvitte meg med bøker, og 15 romanar, det vart i meste laget. Det skulle vore lettare å sende bøker vidare.

Det kom litt regn i dag tidleg, men det var jo turr veg før Reidun skulle på bedehuset klokka 11. Pensjonistar klarar seg lenge utan regn, men bøndene og naturen hadde trengt ei rotbløyte, så det skulle vore regn også.

Det var så mykje det skulle vore….