Det var ikkje omgangssjuke, men likevel fekk eg meg ein omgang i dag. For då eg hadde hatt mine to skiver heimebakt brød og juice, kjente eg at magen ikkje likte det han hadde fått. Før frokost hadde eg hatt eit par glass skumma kulturmelk, og då kjende eg ikkje noko.
Heldigvis var ein tom isboks nær ved, så den fekk frukosten min i staden, så det gjekk ikkje ut over nokon andre enn meg sjølv. Men eg fann det lurast å finne senga att og prøve å sove det av meg. Seinare laga Reidun saftsuppe på havregryn, det har gjerne vore godt å starte med etter å ha gitt hals. Det gjekk bra, og så var det bare å sove vidare.
Med så mykje soving skulle ein tru eg var utsoven no, men det kjennest ikkje slik ut. Eg måtte gå i nynorskordboka og sjå kva den sa om ordet omgang. Her er svaret eg fekk:
omgang I
Opphav
- norrønt umgangr
- av omgå
Tyding og bruk
-
-
Døme
laget vann første omgangen
presidenten vart vald i andre omgangen
i siste omgang
– til slutt og rest
-
Døme
gje nokon ein omgang (juling)
-
Døme
la støvlane få ein omgang skokrem
-
Døme
leiarvervet gjekk på omgang blant medlemene
-
Døme
strikke fem omgangar på rundpinne
-
Faste uttrykk
- i første omgang
-
- til å byrje med
-
Og så måtte eg slå opp omgangssjuke, sjølv om det ikkje var det eg hadde: