Heimekjær

Share

I dag runda Setesdalswiki eit nytt hundretal. Dermed måtte eg skrive litt på Såpekassen, som er diskusjonsforumet på Setesdalswiki, men som det ikkje er nokon som diskuterer på. Her er innlegget eg skreiv:

I dag runda vi artikkel nr. 94 600. Det var ein artikkel Geir Daasvatn skreiv om kjærleiken til heimbygda Evje og Hornnes: Heimstaden er den finaste, uansett kor han er! Den er eit morosamt og lesverdig kåseri og slik vart det 500 artiklar på litt under fire månader. Vi held med det snittet med over 100 nye artiklar i månaden. No ser eg fram mot neste merke, kan hende vi klarar å halde farten vi har fått og nå nytt hundretal før jonsok. Men når det er «vår med ljose dagar, med lengting, liv og song» vil nok skrivelysta minke litt, så vi får sjå korleis det går. —Harald Haugland (diskusjon) 21. mai 2022 kl. 22:53 (CEST)

Sjølv vart eg inspirert av artikkelen i Setesdølen om at Åsetrallen fekk Åseral kommune sin kulturpris. Eg klarte å finne ei liste over alle som har fått den prisen, og då oppdaga eg til mi overrasking at eg ikkje hadde artiklar om andre enn nettopp Åsetrallen. Så her ligg det an til å få nokre fleire artiklar framover, om eg då finn noko stoff å byggje dei på.