Åremålsdag

Share

I dag kunne Reidun feire åremålsdag. Ettersom det var litt rundare enn vanleg, vart det markering med både kringle og Ole Bulls ostekake. Så når eg i kveld skal skrive blogg, er eg litt stappmett, for når det regnar på presten, så dryp det på klokkaren, sa eit gamalt ordtak.

Etter at vi hadde hatt lunsj kom søster Bjørg, søskenbarn Unni med mannen Harald og nabo Jean på besøk og i kveldinga kom mi søster og hennar Ole Thorvald også innom. Dei hadde eit noko hektisk program, for dei kom frå besøk hos barn på Austlandet og skulle vidare til Rogaland i morgon for å feire mitt søskenbarn Brit sin dag. Det er blitt litt mange på rekke og rad i mai, men det passar i grunnen, for mai er månaden der vi går på rekke og rad, vi kallar det 17. mai-tog. Ein butikk-kjede har reklame for at vi kan kjøpe flagg for ei krone.

Sjølv om veret var fint, var det for mykje vind til at vi kunne sitte ute. Men det lauvast i li, regnet vi har fått, har gjort naturen grøn og fin til festdagane.

Når folk som ikkje møtest så ofte, kjem saman, blir det gjerne snakk om folk ein kjenner, har gått på skole saman med og slikt. Eg, som er utanfor slike opplevingar, klarar ikkje heilt å følgje med i alle krokvegar som samtalen går i, men eg gjer mitt beste for å henge med, sjølv om mine kommentarar ikkje blir så mange. Det gjer for så vidt ikkje noko heller.

Når folk er kome opp i vår alder, er nokre vener også å finne på kyrkjegarden. Samtalen gjekk om rådyra på Mandal kyrkjegard, dei likar jo godt å få nye roser når det har vore gravferd. Det var endåtil eit innslag om det på distriktsnytt i dag, og oppslag i lokalavisa Lindesnes.

Gode minne er verd å ta vare på. Takk til dykk som kom innom og de som sende helsingar på ulik måte. Det gjorde åremålsdagen rik og vel verd å minnast. Her er eit bilde av Reidun og Jean:

Kan være et bilde av 1 person og innendørs

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.