Fin feiring

Share

Eg er av dei som feirar nasjonaldagen i det stille. Som eg skreiv i går, eg er hemesitjar. Men litt feiring blir det med oppleving gjennom tv-ruta utover dagen. Svigerson Stein spelar i Brevik Musikkorps, og han tek det meir alvorleg, det vart over 22.000 skritt på folk i det korpset, så dei sit nok og kviler føtene når dagen er over.

Frå stolen min kopla eg meg opp på Valle Radio. Det var visst litt krøll med å få ut streaminga, men då eg opna i ny fane, gjekk det greitt. Dermed kunne eg høyre både intervju med 17. mai-general Torunn Charlotte Nyberg og mykje variert musikk fram mot talen for dagen. Lars Tarald Myrum har lova meg å få legge talen ut på Setesdalswiki når han har fått reinskrive den. Det var sjeldan flott å høyre Anna Slaby og pappa Slaby spele, men også sjarmerande korleis dei små deltok i underhaldninga med rim og regler. Vel fortent at dei mange som sytte for at programmet vart streama fekk blomar, både Jørund Georg, Kjetil Carolis, Ørnulf og Siri. Slik ga dei oss høve til å vere med i feiringa, anten vi var på heimen eller i fjoset og tok imot lam.

Gratulerer også til dei som fekk utviklingsstipend, Eivind Tanche-Larsen Knutsen og Aleksander Straum, som var i salen, og ein som ikkje kunne kome, men som var i Kristiansand, eg hugsar ikkje namnet på han. Så fekk vi både Skjoldmøyslaget på munnharpe og Bestelanden på hardingfele som kvittering frå Eivind.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.