Fin tale

Share

I dag fekk eg talen som Lars Tarald Myrum heldt 17. mai i Valle. Du kan lese den på Setesdalswiki. Talen var så innhaldsrik at du vil nok finne noko å grunne på i den som du knapt fekk med deg om du var i salen eller høyrde den i radioen.

I kveld var det igjen sending i Valle Radio. Etter andakt ved Torleif Harstad frå arkivet var det den nye rådmannen som var med i Kommunen informerer. Vidar Homme var på veg saman med ordførar Steinar Kyrvestad frå Kristiansand til Valle, så samtalen gjekk på telefon. Dei snakka både både om saker til neste møte i kommunestyret og om å bli kjent med medarbeidarane når ein startar i ny jobb.

I det som vart kalla Ein litt lang time fekk vi høyre om teaterstykket Anne som hadde premiere i Valle tidlegare i mai. Det var ein interessant samtale mellom Paal-Helge Haugen og teatersjef Valborg Frøysnes og reaksjonar etter framsyninga. Deretter fekk vi høyre Ørnulf Hasla snakke med Birgit T. Nomeland om 2. verdskrigen. Det var eit opptak frå 2005. Det er gull i arkivet til Valle Radio.

Avslutninga var det Leif Kvinlog som stod for. Eg hugsa ikkje at han hadde countryhalvtime sjølv, så det var moro å høyre. Elles var det Leif som stod for innkjøp av plater til radioen, så han visste jo kva som var i hyllene.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.