Kolportørar

Share

I gamle dagar hadde vi noko som heitte kolportørar. Det var folk som farta rundt og selde bøker. Hans Nielsen Hauge var ein slik mann, han etablerte trykkeri og bokbinding og reiste rundt og hadde møter og selde bøker. På den tida var det ikkje lov å selje bøker som ikkje var godkjende av kongen i Danmark, og å ha møter når presten ikkje var til stades, var heller ikkje lov. Så øvrigheita måtte fengsle Hauge, men han bana vegen for det moderne Norge, er det blitt sagt.

I dag hadde vi ein kolportør på døra. Han selde bøker for Norsk Bokforlag, som er Adventistane sitt forlag. Ei engelsk bok om Afrikansk kokekunst og ei bok på norsk om Kvinner som forandra verden skifta eigar. Du har kanskje hatt dei på besøk, du som les dette også. I tre månader er dei i Norge for å selje bøker og slik finansiere studier på Universitetet i Nairobi i Kenya.

Eg hadde mål om å kvitte meg med bøker, i staden kom to nye bøker inn i stova. Eg får sjå om eg klarar å kvitte meg med nokre av dei andre eg har. Og så håpar eg at kolportørane får nok pengar til å fullføre studia sine og skape seg eit meiningsfullt liv i arbeid og kyrkje når dei reiser tilbake til Kenya.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.