Kryssord

Share

For nokre år sidan var eg glad i å løyse kryssord. Det stimulerte dei små grå når ein kunne gruble på nøkkelorda og sjå ulike former finne plass i rutenettet. Eg løyste sjeldan oppgåver der nøkkelorda var plasserte under kryssordet, eg likte best dei som har nøkkelordet ståande inne i sjølve oppgåva.

I seinare år har det helst vore Reidun som har løyst kryssord her i huset. Ho likar best sudoku, men når dei er løyste, går ho gjerne på kryssordet i tillegg. Då kan mi erfaring vere til hjelp når ho står fast, og saman fullfører vi då oppgåvene.

Kryssordet i A-magasinet går over to sider og det har vore greitt å hoppe over. Men i dag kom eg på at eg ville prøve det. Der var det mange ulike nøtter å prøve seg på. Under kryssordet er det fem spørsmål som er så lange at dei ikkje får plass inne i rutenettet. Men når eg fann ein støttebokstav eller to, kunne eg finne det rette ordet.

Eit spørsmål var om kva ein kunne kalle ein båt med fem par årer. Femkeiping var svaret, det er mange år sidan eg høyrde det ordet.

Eit anna spørsmål var å finne namnet på dei fem luftfartøya som var i drift frå 1910 til 1914, her var både passasjertal og distanse teke med. Eg visste ordet zeppeliner (bokmålsform),men ikkje at det bare var bygd fem slike.

Etter kvart klarte eg å finne løysingsordet som eg kan sende inn og kan hende vinne gåvekort på 500 kroner til bøker. Eg har frist til torsdag på å gjere det, men om eg vinn, det tvilar eg nok på.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.