Noko forsvann

Share

I går skreiv eg at noko forsvinn, og det skjedde i høve til programmet i Valle Radio i dag, der eit innslag som var annonsert, ikkje var med. Men det som var med, var interessant nok.

Etter andakten og Olav Lindstølens musikktime hadde Siri Johannessen ein samtale med Knut H. Rysstad om stavkyrkjeplanane på Rysstad. Planen er at bygget skal reisast på Bjugsbakk like ved museet og bli synlig for alle som ferdast forbi. Men det er eit drygt prosjekt å realisere, både når det gjeld treverk og pengar. Når det skal byggjast på gamlemåten med øks som viktigaste reidskapen, vil det ta tid. Folk må lærast opp i dei gamle handverksteknikkane.

Fredag og laurdag blir det mykje sykling i Setesdal, fredag kjem Tour of Norway nedover dalen og laurdag er det Color Line Tour som legg ut oppover. Medan dei første er proffar, er laurdagens syklistar glade amatørar som startar i grupper på 40 og som har fleire matstasjonar oppover. Eg hugsar då Tour of Norway kom forbi hos oss, det var bare svisjing, så var heile horden forbi, ei oppleving der ein knapt fekk opp mobilen for å ta bilde.

Else Gyro Rysstad var med og fortalde at det skal vere Tårnagentar i Valle kyrkje no og dei skal delta på gudsteneste også.

Som vanleg vart sendinga avslutta med Postludium, denne gongen med musikk Siri hadde funne. Det eg fekk med meg, var vakkert, men noko forsvann fordi eg fekk telefon og måtte snakke der.

Meir kunne eg sikkert skrive, men noko forsvann denne gongen også.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.