5 plenar

Share

Det er godt å ha ein dreng som slår plenane våre. Vi har 5 plenar, sa eg til bror min i kveld. Han bur på Ålgård og har ein plen. Den har han ein robotklyppar som putlar og går og klypper, men no var det problem. Strengen som roboten skal gå innanfor, hadde blitt kutta, så i morgon måtte han fikse den.

Og så skulle han kjøre bort eit lass med masse han bytter ut. Men tilhengaren var litt liten, så det gjekk litt seint å få gjennomført prosjektet. Slik er det når ein bur i byen, Ålgård er jo blitt by, etter det eg har høyrt.

Sjølv bur eg i bynære strok, Mandal er jo by, men 6 km utanfor sentrum er det temmeleg landleg. Det som før var små jordstykke der svigerfar hadde grønnsaker og poteter, er no blitt plenar. Om eg hadde hatt grøne fingrar, hadde det nok vore dyrka anna enn plen, men fingrane mine fungerer best på eit tastatur. Reidun sine fingrar er grøne nok, men ho rekk ikkje over alt, og så likar fingrane hennar strikkepinnar i tillegg.

Difor har vi ein dreng, ein nabogut som likar å kjøre plenklyppar. Han likar også å få lommepengar, så kombinasjonen er glimrande. Fem plenar, sa eg. Reidun seier 6, og når det gjeld tal, er det ho som har rett. Difor er det ho som også VIPPSar når jobben er gjort.