Variert

Share

Sendinga i Valle Radio i kveld var variert og hadde stoff for både hjarte og hjerne. Den starta med eit kåseri av Asbjørn Kvalbein om smak og sangen Det blir noe for barna i himlen å få. Andakten var ved Sverre Bøe, teologiprofessor på Fjellhaug.

Etter ein sangtime med Olav Lindstølen var det kommunal informasjon ved Torunn Charlotte Nyberg. Ho fortalde mellom anna at dagsturhytta som alle kommunar skal få, vil bli sett opp i lia  sør for Leite, der er det ein topp som eg ikkje hugsar namnet på, men han høver veldig godt til formålet. Han er passe langt frå eit bygdesentrum. Hytta skal ikkje vere for overnatting, men ein skal kunne stoppe der og ete nistemat når ein er på tur. Og så kan ein sitte inne og ha god utsikt over bygda gjennom store glas.

Ettersom både Erlend Gunstveit og Valkyrien Allstars skal kome til Valle i sommar, fekk vi høyre eit par låtar med desse artistane før Jørund Kvåle Hansen rapporterte frå Bondelaget sitt årsmøte. Mange bønder er usikre på om dei vil halde fram, kostnadene aukar og inntektene står stilt.

Så var det folkemusikkaktuelt, og Siri hadde teke turen til Syrtveit og besøkt Harald Stulien Robstad som hadde vore på kurs hos Bjarne Rysstad og lært å smi munnharpe. Han likte å smi og å skjere i tre, og etter samtalen fekk vi høyre Jan Oddvar Rysstad spele Sordølen på den nysmidde munnharpa.

Kveldens Postludium hadde både norsk og italiensk musikk. Først var det ein prat med Andrea Maini om Frescobaldi-seminaret som skal vere i Fjære kirke der han er organist. Her kjem organistar frå Europa for å halde meisterklassar for norske organistar. Framleis var det fire ledige plassar, om nokon ville vere med.

Programmet i Postludium vil eg skrive om i morgon.