Oppgradering

Share

I går var Reidun, Margunn og Stein på handletur. Dei enda opp på hagesenteret på Aurebekk og der fann dei ut at dei ville ha nye møblar til terrassen vår. Det var i grunnen på høg tid, for ein benk knakk i fjor og ein stol lurte på om han skulle knekke i år. Dei var av tre og hadde stått ute det meste av livet, så naturkreftene hadde gjort sitt.

Dei såg og prøvde møblene på hagesenteret, men vi kunne ikkje få varene før i dag, for dei var lagra høgt oppe i ein reol, og han som kunne få dei ned, hadde laurdagsfri. Men i dag var dei kome ned då Stein tok turen for å hente dei. Så monterte han dei og i ettermiddag kunne vi nyte godveret der.

Rett nok gjekk eg inn og heldt fram med lesing, i går fekk eg sju aviser, som eg skreiv om. Men eg hadde ikkje fått lese alle, så det måtte ei ny økt til. Enno har eg ikkje kome meg gjennom Lister.