Åpta

Share

Om du er engasjert i NMS, Det Norske Misjonsselskap, så veit du nok om Åpta, leirstaden som organisasjonen har i Farsund kommune. Historien bak Åpta misjonssenter kan ein lese på Wikipedia:

Åpta misjonssenter er en langkirke i Farsund kommune, Agder fylke. Byggverket er i betong og har 100 plasser.

Herad kirke brant ned til grunnen i mai 1948. I etterkant raste en bitter strid om lokalisering av ny kirke. Ny Herad kirke ble oppført på det gamle kirkestedet i 1957, men i Indrebygda (Åpta) ble det samlet inn penger og nedsatt en byggekomité for kirke på stedet. Råbygget stod under tak 1962, men prosessen stoppet opp på grunn av pengemangel. I 1973 ble bygget overlatt til Det Norske Misjonsselskap, som fullførte det og vigslet det som Åpta misjonssenter i 1975.

Adkomst til stedet er via fylkesvei 465 og fylkesvei 4102.

Mi søster Jorunn er engasjert i dette, og i dag var ho og mannen hennar, Ole Thorvald Moen, på besøk. Det vart ein triveleg kveld der praten gjekk om mangt og mykje. Før dei gjekk, la dei att informasjon om møter som skal vere på Åpta i sommar:

Sangmøte onsdag 6. juli klokka 19 med Salmer og sanger vi er glad i ved Sissi Kydland og Turid Øglend

Møte onsdag 13. juli klokka 19. Tale av Ove Sletta.

Møte onsdag 20. juli klokka 19. Tale av Jon Olav Dankel og sang av familien Nondo frå Kongo.

Møte onsdag 27. juli klokk a19. Tale av Sverre Jakobsen, sang av Kåre Nilsen.

Alle kveldane vert det kaffeservering etter møtet. Så har du lyst på ein hyggeleg tur og møte NMS-folk på ein triveleg stad, veit du no kva du skal velje desse dagane.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.