Landskappleiken

Share

I morgon frå omlag klokka 11 overfører Valle Radio frå Landskappleiken på Rjukan. Siri Johannessen fekk avtale med Radio Rjukan om å streame deira sending via Valle Radio. Det betyr at når du er på sentrumsfrukost i Valle, kan du få med deg livet på Rjukan via mobilen din eller via bilradioen når du er i Valle og høyrer FM.

To egder har alt gjort det skarpt på Landskappleiken. Agder folkemusikkarkiv skriv: Landskappleiken på Rjukan i kveld. Eit par resultat frå Agder. Salve Håkedal fekk gullmedalje for hardingfela han stilte ut. Det er veldig sjeldan gullmedalje vert utdelt. Sigrid B. Berg fekk førstepremie i kveding kl B. Gratulerer 🏆💐!

I sendinga i Valle Radio kan det kanskje også bli innslag frå sentrumsfrukosten. Siri Johannessen er open for det meste, så om nokon vil innom i studio hennar i Valle Radio og fortelje noko, er det bare å stikke innom, trur eg. Men ho held nok ikkje ut så lenge som Radio Rjukan, for dei skulle sende til midnatt, minst. Bildene kopierte eg frå Agder Folkemusikkarkiv si melding.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.